Hopp til innhald
Fagartikkel

Tilpassingar til formeiring hos dyr

Ved kjønna formeiring må individa finne seg ein partnar og klare å befrukte denne. I tillegg må dei sikre at mange nok avkom veks opp til å føre arten vidare. I denne konkurransen har det oppstått mange ulike åtferdsmønster og strategiar.

Former deg, eller døy ut!

For å få produsert avkom og dermed sikre at arten overlever, må individ formeire seg. Ukjønna formeiring kan vere ei løysing på kort sikt, når miljøforholda er stabile. I lengda må likevel individ innan ein art formeire seg kjønna for å sikre genetisk variasjon.

Ved kjønna formeiring skjer det ei befrukting. Då må to individ av motsett kjønn finne og velje kvarandre. Dette kallar vi partnarval. Føremålet med formeiringa er å få avkom. Då må det skje ei befrukting av ei eggcelle, som utviklar seg og etter kvart blir til eit nytt individ som kan formeire seg vidare. Vi kan sjå på dette som ein prosess i tre trinn:

  1. Partnarval. Finn ein partnar eller bli vald.

  2. Befrukting. Sædceller må kome fram til eggcella/-cellene.

  3. Yngelpleie (eller produksjon av store mengder avkom). Avkomet må vekse opp og kunne formeire seg vidare.

1. Partnarval

Første oppgåve for eit individ som vil formeire seg, er å finne ein partnar som er klar for å pare seg. Viss du er ei hoe, vil du i mange tilfelle bli oppsøkt av éin eller fleire hannar, og du kan velje den med kraftigast song, størst gevir eller mest fargerik fjørdrakt.

Konkurranse om partnar

Hos ei rekkje dyreartar er det vanleg at hannane konkurrerer og slåst om hoene, eller om stader som hoene føretrekkjer. Enkelte bit, stangar og sparkar kvarandre, men mange kampar blir òg avgjorde utan direkte fysisk kontakt. I mange tilfelle vurderer hannane kvarandre og avgjer på den måten kven som er sigerherren.

Val av partnar

Hos dei fleste dyreartar er det hoene som vel blant hannane. Hoene kan berre føde eit visst tal ungar i ein gitt periode, mens hannane kan befrukte mange hoer i same periode. Dette gjer hoene til ein avgrensa ressurs. Sidan hoa bruker mykje meir tid og energi på å formeire seg, er ho tent med å vere kresen. Det er derfor viktig å ha preferansar å gå etter, slik at ho kan velje hannar av høg kvalitet – og dermed auke sjansen for at gena blir førte vidare.

Derfor må hannane vise kvaliteten sin på ein eller annan måte. Dei kan til dømes by på song, spel, gåver, hopp og spesielle paringsdansar.

2. Befrukting – frå ytre til indre

Når du har klart å finne og overtyde ein partnar, er det om å gjere at det skjer ei befrukting: Kjønnsceller må møtast og smelte saman. Ved ytre befrukting er dette eit stort sjansespel. Løysinga er ofte å pøse med store mengder kjønnsceller for å auke sjansane for vellykka befrukting.

Dette er ikkje ei god løysing for dyr som formeirar seg på land. Dei har derfor utvikla indre befrukting, med spesialiserte formeiringsorgan som penis og vagina, som sørgjer for at kjønnsceller blir overførte med stor presisjon.

Utviklinga av kjønnsorgan

Utviklinga av kjønnsorgan har i evolusjonær samanheng gått i rasande fart. Filmen under forklarer kvifor utviklinga skjer så raskt, og kvifor dyr investerer så mykje energi i kjønnsorgana sine. (Klikk på snakkebobla for å slå på teksting.)

3. Yngelpleie

Mange organismar produserer langt fleire avkom enn det som kan overleve. Dødelegheita er stor, men mange avkom sikrar at nokon overlever. Andre organismar har utvikla ein stikk motsett strategi. Dei får få avkom og investerer meir energi i å ta vare på kvart enkelt individ, slik at overlevingsraten aukar.

Mange avkom – lite omsorg

Generelt er det slik at artar som investerer mykje energi i å produsere mange kjønnsceller og få mange ungar, viser lite eller inga omsorg for avkomet. Med mange kjønnsceller er det likevel god sjanse for at det veks opp mange nok individ til å føre arten vidare. Fisk som gyter i dei frie vassmassane, er eit godt døme på dette.

Få avkom – tett oppfølging

Artar som produserer få kjønnsceller og får få ungar, til dømes aper, menneske og elefantar, investerer meir tid og energi i omsorg og yngelpleie. Desse artane satsar så og seie alt på eitt kort, og det vil vere avgjerande for overlevinga til arten at ein stor del av avkomet veks opp og kan forplante seg.

Kjelder

Hogstad, O. (2006). Insektetere og flaggermus. Henta 6. februar 2022 frå https://www.ntnu.no/c/document_library/get_file?uuid=bb56fc97-66ca-4f2e-b246-077e29811e52&groupId=10476

Ruenes, E. K. (2021, 21. desember). Bjørn. I Store norske leksikon. Henta 6. februar 2022 frå https://snl.no/bj%c3%b8rn

Sverdrup-Thygeson, A. (2021). Insekter i Norge. Kagge forlag.