Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om formeiring og vandring hos raudåte

Nøkkelarten raudåte er eit lite krepsdyr som lever i Nord-Atlanteren. Sidan han er så talrik, speler han ei svært sentral rolle i økosystemet. Kva strategiar bruker raudåta for å lykkast?
Plankton konsentrert i vannprøve tatt med finmasket hov. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Strategiar

Torsk, torskeegg og torskeyngel. Foto.

I løpet av éin sesong kan ein vaksen torsk leggje så mykje som 0,5–15 millionar egg, raudåta legg opp mot 2000 egg, og spekkhoggaren føder berre éin til to levande ungar.

  1. Kvifor så ulike strategiar?
  2. Kor mange av dei avkomma som torsken, raudåta og spekkhoggaren får gjennom liva sine, må vakse opp og leve til dei har formert seg, for at bestandane skal vere stabile?

Egglegging

Flaske delt med membran og ei raudåte. Foto

I eggleggingsforsøket som vart gjennomført 6. mai 2013, vart éi og éi ho-raudåte plasserte i kvart sitt kammer. Dei egga som vart lagde, fall gjennom eit finmaska nett og vart på den måten skilde frå raudåta. Etter 24 timar vart egga talte opp. Raudåta legg vanlegvis opptil 50 egg per døgn, men dette varierer.

  1. Kva kan eit slikt resultat brukast til?
  2. Kva feilkjelder er eliminerte her?
  3. Finst det andre feilkjelder?

Overvintring og vandring

Raudåta i Norskehavet overvintrar i kalde arktiske vassmassar på rundt 2000 meters djupn. Om våren vandrar dei nesten heilt vaksne individa (hovudsakeleg stadium 5 og 6) mot overflata for å gyte. Desse er i overkant av 2 mm lange og kan vandre cirka 1 mm per sekund.

  1. Kor lang tid bruker dei på å nå overflata?
  2. Kva fart svarar dette til for eit menneske som er 180 cm?

Gyting

Raudåte på mørk bakgrunn. Foto

På veg mot overflata passerer hoene eit sjikt med hannar, der dei får hekta på seg ei pakke med sædceller som kan takast i bruk ved gyting.

  1. Ser du nokre fordelar ved denne åtferda samanlikna med at begge kjønn gyter i dei frie vassmassane slik som for eksempel manetar og torsk gjer?
  2. Raudåteegga søkk ned til djupare vasslag etter gytinga, men knapt nokon av de vaksne vandrar ned att etter gytinga. Kan du tenkje deg nokre sannsynlege forklaringar på dette?

Relatert innhald

Raudåte er eit dyreplankton som finst i heile Nord-Atlanteren og speler ei sentral rolle i overføring av energi frå primærprodusentar til konsumentar.

Havforsking. Eggleggingsforsøk med raudåte. Kan du finne ein tendens og ei forklaring på skilnadene i produksjon mellom dei fire forskingsstasjonane?

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Frank Emil Moen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Økologi