Hopp til innhald
Fagartikkel

Ferielova

Ferielova skal sikre at alle arbeidstakarar får ferie og feriepengar. Feriepengar erstattar løna som fell bort når den tilsette har ferie.

Feriedagar

Alle bedrifter skal sørgje for at dei tilsette får minst 21 feriedagar kvart år. I ferielova står det at alle skal ha minimum 25 vyrkedagar ferie, men sidan laurdag òg er ein vyrkedag, svarer til dette 21 arbeidsdagar.

Mange bedrifter har avtalar som gir dei tilsette 5 vekers ferie. Tilsette over 60 år har i tillegg 5 feriedagar ekstra.

Dei tilsette har rett til å ta minst 18 av feriedagane om sommaren, det vil seie i perioden mellom 1. juni og 30. september.

Feriepengar

Bedrifta skal betale ut feriepengar til dei tilsette i juni kvart år. Feriepengane blir berekna ut frå inntekta deira året før, det såkalla feriepengegrunnlaget. For ein tilsett med 21 feriedagar utgjer feriepengane 10,2 prosent av feriepengegrunnlaget, eller 12,5 prosent dersom den tilsette er over 60 år. For tilsette i bedrifter med 5 vekers ferie utgjer feriepengane 12 prosent av feriepengegrunnlaget, eller 14,3 prosent for dei over 60 år.

Feriepengar er skattepliktig inntekt, men for at dei tilsette skal sleppe å betale skatt av feriepengane i juni, betaler dei litt meir skatt enn dei treng, gjennom resten av året. På tilsvarande måte betaler dei fleste òg litt ekstra skatt gjennom året for å kunne betale halv skatt i desember.

Bedrifter bereknar feriepengar ved kvar lønsutbetaling. Feriepengane blir kostnadsførte i rekneskapen og blir sette inn på ein konto for skuldige feriepengar.

Relatert innhald