Reglar for offentlege anskaffingar
Vi har reglar for offentlege anskaffingar for at alle skal kunne ha tillit til at offentlege pengar blir brukte på ein samfunnstenleg måte. Reglane skal
- sikre rettferdig konkurranse mellom leverandørar til det offentlege
- sørge for at staten får mest mogleg igjen for pengane sine
- hindre at nokon får fordelar på grunn av familieforhold, vennskap eller liknande
Noreg er dessutan internasjonalt forplikta gjennom EØS-avtalen og WTO-avtalen til å følge bestemde framgangsmåtar ved større offentlege anskaffingar.
Det er lett å forstå at dette er viktig, når vi veit at det offentlege årleg bruker cirka 750 milliardar kroner på kjøp av varer og tenester, bygg og anlegg.
Reglane for offentlege anskaffingar er baserte på fire hovudprinsipp:
- Likebehandling
- Alle leverandørar skal få same vilkår, krav og moglegheiter.
- Føreseielegheit
- Alle delar av anskaffingsprosessen skal vere føreseieleg for leverandørane, slik at det ikkje dukkar opp nokon overraskingar etterpå.
- Gjennomsikt
- Gjennomsikt skal sikre at det er mogleg å kontrollere at alle reglar blir følgde.
- Konkurranse
- Konkurranse skal sikre at pengane og ressursane til staten blir brukte mest mogleg effektivt.
Reglane gjeld for alle typar anskaffingar av varer og tenester over 100.000 kroner.
Når du arbeider som fagarbeidar i det offentlege, kan du altså ikkje berre bestille det du treng av utstyr, programvare eller tenester utan vidare. Alle bestillingar må vanlegvis gå gjennom ein innkjøpsansvarleg som kjenner reglane for offentlege anskaffingar.
Relatert innhald