Hopp til innhald

Fagstoff

Regelverk for import av varer

Skal bedrifta di importere varer frå utlandet, må du undersøke om de må betale toll. Toll er ein skatt som blir lagd på varer som blir transporterte over landegrenser. Det er stort sett alltid toll på klede, matvarer og næringsmiddel. I tillegg kjem meirverdiavgift og eventuelle særavgifter.
Skilt med logoen til Tolletaten. Det er ei løve på eit skjold med ei krone og eit kors på toppen. Foto.

Innførselstoll

Skatt på importerte varer blir kalla for innførselstoll.

Tollsatsane varierer, men for dei fleste klede er tollsatsen 10,7 prosent (2024). Du finn oppdaterte tollsatsar på Tolletaten.

Fortollingsgebyr

I tillegg til ein tollsats må vi betale eit fortollingsgebyr når vi importerer varer frå utlandet. Fraktselskapet utfører som regel fortollingsjobben, og tek seg betalt i form av eit fortollingsgebyr.

Meirverdiavgift

På varer som blir importerte til Noreg, må vi òg betale 25 prosent meirverdiavgift (15 prosent for næringsmiddel). Toll og eventuelle særavgifter skal òg vere med i grunnlaget for meirverdiavgift.

Særavgifter

På nokre varer må vi òg betale særavgifter ved import. Døme på varer som har særavgifter, er alkohol, sjokolade- og sukkervarer, sukker, tobakksvarer og køyretøy.

Varer med restriksjonar og forbod

For nokre varer gjeld spesielle importreglar. I tabellen nedanfor ser du kva for nokre varer dette gjeld, og kva etatar som forvaltar regelverket. Du kan lese meir om regelverket for dei ulike varegruppene på sidene som det er lenker til.

spesielle ImportreglAr

Varer med restriksjonar

Ansvarlege myndigheiter

Alkohol

Skatteetaten og Helsedirektoratet

Les om regelverket for alkohol på Skatteetaten

Les om regelverket for alkohol på Helsedirektoratet

Tobakk

Skatteetaten og Helsedirektoratet

Les om regelverket for tobakk på Skatteetaten

Les om regelverket for tobakk på Helsedirektoratet

Næringsmiddel, plantar, frø, dyr

Skatteetaten og Mattilsynet

Les om regelverket for næringsmiddel, plantar, frø og dyr på Skatteetaten

Les om regelverket for næringsmiddel, plantar, frø og dyr på Mattilsynet

Truga dyre- og planteartar

Miljødirektoratet

Les om regelverket for truga dyre- og planteartar på Miljødirektoratet

Legemiddel

Statens legemiddelverk

Les om regelverket for legemiddel på Statens legemiddelverk

Avfall

Miljødirektoratet

Les om regelverket for avfall på Miljødirektoratet

Eksplosiv, fyrverkeri og farlege stoff

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

Les om regelverket for eksplosiv, fyrverkeri og farlege stoff på Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Våpen, våpendelar og ammunisjon

Politiet

Les om regelverket for våpen, våpendelar og ammunisjon på Politiet

Kulturminne, antikvitetar

Riksantikvaren og Kulturdepartementet

Les om regelverket for kulturminne og antikvitetar på Riksantikvaren

Les om regelverket for kulturminne og antikvitetar på Kulturdepartementet

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2024

Læringsressursar

Reglar og lovverk for servicenæringa