Regelverk ved oppstart av eiga bedrift - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Regelverk ved oppstart av eiga bedrift

I denne oppgåva får du repetert lover og reglar som gjeld ved oppstart og drift av ei ny bedrift.

Lover

Grunngi alle svara dine og vis til relevante paragrafar i lovene.

Oppgåve 1

Du ønskjer å opprette eit enkeltpersonføretak.

  1. Må du registrere firmaet i føretaksregisteret eller andre register?
  2. Når må du betale skatt?
  3. Må du betale meirverdiavgift?

Oppgåve 2

Du ønskjer å opprette eit aksjeselskap.

  1. Må du registrere firmaet i føretaksregisteret?
  2. Kva reglar gjeld for innbetaling av skatt?
  3. Kva reglar gjeld for innbetaling av meirverdiavgift?

Oppgåve 3

Du har tilsette.

  1. Kor mykje må du betale i arbeidsgivaravgift?
  2. Når må du betale sjukepengar?
  3. Kor lang ferie har dei tilsette krav på?
  4. Kva er reglane for feriepengar?

Diskuter gjerne svara dine med dei andre i klassa. Har de kome fram til dei same svara og vist til dei same lovparagrafane?

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020