Arkivet på skulen
Skulen er pålagd å ha eit arkiv. Det følgjer av arkivlova. I desse oppgåvene skal de finne ut korleis arkivet på skulen dykkar er administrert.
Oppgåve 1
Gå saman i grupper og diskuter desse spørsmåla:
- Kva er skulen pålagd å ha rutinar for, i samsvar med arkivlova?
- Kva rutinar trur de skulen har for å sikre at retningslinjene i arkivforskrifta blir følgde?
- Har skulen både eit elektronisk og eit fysisk arkiv?
- Kven har ansvaret for arkivering på skulen?
- Kva må lærarar arkivere? Kvifor må dei gjere det, og korleis gjer dei det?
Oppgåve 2
Gå saman heile klassa og spør den som er ansvarleg for arkivet på skulen, om han eller ho har høve til å vise og forklare dykk korleis arkiveringsrutinane på skulen fungerer. Har skulen både eit elektronisk og eit fysisk arkiv? Kva skal i så fall lagrast kvar, og kvifor skal det gjerast slik?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020