Hopp til innhald

Fagstoff

Lovverk innan administrasjon

Skal du jobbe innan administrasjon, er det mange lover du må kjenne til. I arbeidet ditt må du mellom anna følge reglane i forvaltningslova, arkivlova, bokføringslova, rekneskapslova, anskaffingslova, skattelova, folketrygdlova, ferielova og arbeidsmiljølova.
Ein kontortilsett med hovudtelefonar som arbeider med pc ved ein kontorpult. Foto.

Forvaltningslova

Forvaltningslova gjeld for offentlege etatar og skal sikre kvar enkelt innbyggar ei trygg og grundig saksbehandling og likebehandling. Lova gjeld òg for private verksemder som har driftsstøtte frå det offentlege, som private barnehagar og skular.

Lova gjeld til dømes søknader om skuleplass, stipend, byggeløyve og sosiale tenester og ytingar. Ho blir rekna som svært viktig for å sikre rettssikkerheita vår. Lova seier mellom anna kven som er inhabil til å behandle saker, og ho har reglar for saksbehandling, teiingsplikt, vedtak og ankemoglegheiter.

Alle forvaltningsorgan har rettleiingsplikt innanfor saksområdet sitt, som til dømes barnevernet. Formålet med rettleiingsplikta er å gi alle partar høve til å kunne vareta sine eigne rettar.

Når det gjeld saksbehandlinga, har forvaltningsorganet eit ansvar for å førebu og avgjere saka fortast mogleg og innanfor gjeldande tidsfrist. Skulle det likevel ta lengre tid enn planlagt før førespurnaden kan svarast på, skal forvaltningsorganet gi eit foreløpig svar. I dette svaret skal det gjerast greie for grunnen til forseinkinga og når eit endeleg svar kan forventast.

Heile lova finn du i dokumentet "Forvaltningsloven" på Lovdata.

Nokre viktige omgrep i forvaltningslova, jf. § 2

Vedtak
ei avgjerd som blir treft under utøving av offentleg styresmakt, og som generelt eller konkret er bestemmande for rettar eller pliktar til private personar
Enkeltvedtak
eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til ein eller fleire bestemde personar
Forskrift
eit vedtak som gjeld rettar eller plikter til eit ubestemt tal eller ein ubestemd krets av personar
Offentlig tenestemann
ein embetsmann eller ein annan som er tilsett i staten eller ein kommune si teneste
Part
ein person som ei avgjerd rettar seg mot, eller som saka elles direkte gjeld
Dokument
ei logisk avgrensa informasjonsmengde

Arkivlova

Verksemder med offentlege oppgåver er pålagde etter arkivlova å ha eit arkiv.

I arkivlova finn vi dei overordna reglane for arkivering. For meir detaljerte reglar må vi sjå i forskrifta til arkivlova. Ho heiter "Forskrift om offentlige arkiv", men blir ofte berre omtalt som "arkivforskrifta".

Les meir om lova i artikkelen "Arkivlova".

Bokføringslova

Bokføringslova inneheld reglar for bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar.

Les meir om lova i artikkelen "Bokføringslova".

Rekneskapslova

I rekneskapslova kan vi lese om reglar for utarbeiding av årsrekneskap, og om korleis resultatrekneskapen og balansen skal setjast opp.

Lova seier innleiingsvis kva selskap som har plikt til å føre rekneskap. Alle aksjeselskap er rekneskapspliktige. Har du eit enkeltpersonføretak, har du først rekneskapsplikt dersom du har meir enn 20 millionar i eigedelar eller meir enn 20 tilsette. Du bør likevel føre rekneskap, men reglane i rekneskapslova gjeld ikkje for deg.

Les meir om lova i artikkelen "Rekneskapslova".

Anskaffingslova

Vi har reglar for offentlege anskaffingar for at alle skal kunne ha tillit til at offentlege pengar blir brukte på ein samfunnstenleg måte. Reglane skal mellom anna sikre rettferdig konkurranse mellom leverandørar til det offentlege og sørge for at staten får mest mogleg igjen for pengane sine.

Reglane i anskaffingslova gjeld for alle typar offentlege anskaffingar av varer og tenester over 100.000 kroner. Hovudprinsippa i lova er likebehandling, føreseielegheit, gjennomsiktigheit og konkurranse.

Les meir om lova i artikkelen "Regler for offentlege anskaffingar".

Regelverk for import av varer

Skal bedrifta di importere varer frå utlandet, må du undersøke om de må betale toll. Toll er ein skatt som blir lagd på varer som blir transporterte over landegrenser. Det er stort sett alltid toll på klede, matvarer og næringsmiddel. I tillegg kjem meirverdiavgift og eventuelle særavgifter.

Les meir om lova i artikkelen "Regelverk for import av varer".

Skattelova

Skattelova regulerer skatteplikta både for privatpersonar og bedrifter. I skattelova står det at bedrifter skal skatte av "fordel vunnet ved virksomhet", det vil seie inntektene frå verksemda.

Alle norske bedrifter må betale forskotsskatt til skatteoppkrevjaren i kommunen der dei har hovudkontor.

Les meir om lova i artikkelen "Skattelova – skatt for bedrifter".

Folketrygdlova

Alle i Noreg er medlem i folketrygda, eit nasjonalt forsikringssystem som blir administrert av Nav. Her får vi økonomisk hjelp ved arbeidsløyse, svangerskadep og fødsel, åleineomsorg for barn, sjukdom og skade, uførleik, alderdom og dødsfall.

Folketrygda blir mellom anna finansiert av trygdeavgift og arbeidsgivaravgift. Trygdeavgifta er ein del av skatten vi betaler på lønnsinntekt. Arbeidsgivaravgifta er ei avgift som bedrifter må betale inn til staten for sine tilsette. Bedriftene betaler ein viss prosentsats av lønna til dei tilsette.

Les meir om lova i artikkelen "Folketrygda".

Ferielova

Ferielova skal sikre at alle arbeidstakarar får ferie og feriepengar. Feriepengar erstattar lønna som fell bort når den tilsette har ferie.

Les meir om lova i artikkelen "Ferielova".

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova inneheld reglar og krav som skal sikre eit godt og trygt arbeidsmiljø. Til lova høyrer òg forskrifter og rettleiingar med utfyllande og meir detaljerte reglar.

Arbeidsmiljølova er ei såkalla minimumslov, det vil seie at ho set nedre grenser for kva standard det skal vere på arbeidsmiljøet. Samtidig krev ho at ein heile tida skal jobbe for å forbetre arbeidsmiljøet. Lova fordeler òg ansvar og oppgåver i HMS-arbeidet og beskriv arbeidsmetodar som skal følgast.

Les meir om lova i artikkelen "Arbeidsmiljølova".

Internkontrollforskrifta

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (internkontrollforskrifta) gjeld for all verksemd som blir omfatta av bestemde lover som behandlar ulike helse-, miljø- eller sikkerheitsomsyn.

Du kan gå ut frå at ho gjeld for bedrifta du jobbar i, så sant ho produserer, sel eller tilbyr varer og tenester. Først og fremst er internkontroll ansvaret til arbeidsgivaren, men alle tilsette har både rettar og plikter i samband med HMS-arbeidet.

Les meir om forskrifta i "Internkontrollforskriften" på Lovdata.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2024

Læringsressursar

Reglar og lovverk for servicenæringa