Sal av alkohol i butikk - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Sal av alkohol i butikk

Sal av alkohol er regulert i alkohollova. Det er reglar for kven vi kan selje til, og når på døgnet vi kan selje alkohol.

Tilsett i ein matvarebutikk

Du kan kanskje svaret på mange av oppgåvene nedanfor allereie. Men oppgåvene er òg ei øving i å finne fram i lovteksten. I oppgåvene skal du vise til kva som står i lovteksten, og i kva paragraf det står. I alle oppgåvene skal du sjå for deg at du er tilsett i ein matvarebutikk.

Oppgåver

  1. Kva slags alkohol har butikken lov til å selje?
  2. Butikken må ha løyve for å selje alkohol. Kva vil det seie?
  3. Kven har du lov til å selje alkohol til?
  4. Når har butikken lov til å selje alkohol?
  5. Kor lenge har de lov til å selje alkohol 16. mai?
  6. Kan butikken reklamere for at juleølet har kome inn i butikken?
  7. Kva kan skje dersom butikken bryt reglane for sal av alkohol?
  8. Kva rutinar har butikken for å sørgje for at regelverket blir følgt? Svaret på dette finn du ikkje i lovteksten, men spør gjerne nokon som jobbar i ein matvarebutikk.

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020