Bokføringslova - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bokføringslova

Bokføringslova er ikkje særleg omfattande. Ho omtaler grunnleggande og praktiske reglar som er enkle å følge for små verksemder. Reglane gjeld òg for større føretak, men dei må i tillegg følge meir omfattande lover og reglar.

Bokføringsplikt

Bokføringslova inneheld reglar for bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar.

Her bruker vi omgrepa bokføring og å vere bokføringspliktig. Det er ikkje det same som å ha rekneskapsplikt. Med rekneskapsplikt meiner vi plikt til å føre ein komplett rekneskap.

Dei minste enkeltpersonføretaka og dei minste ansvarlege selskapa er bokføringspliktige, men ikkje rekneskapspliktige. Dei er underlagde bokføringsreglane og har ei viss rapporteringsplikt til offentlege styresmakter.

Selskap som berre har bokføringsplikt er

  • enkeltpersonføretak som ikkje har eigedelar over 20 millionar kroner og ikkje meir enn tjue tilsette
  • ansvarlege selskap som ikkje har meir enn fem tilsette og ei inntekt under 5 millionar kroner

Regelen om ajourhald

Ein av dei mest sentrale reglane i bokføringslova er regelen om ajourhald (bokføringshyppigheit). Hovudregelen seier at ajourhald skal gjennomførast så ofte som arten og omfanget til verksemda og transaksjonane tilseier. Hovudregelen er å vere à jour minst kvar fjerde månad.

For dei aller minste enkeltpersonføretaka er det nok å vere à jour ein gong i året, og då i samband med skattemeldinga. Desse føretaka har mindre enn 600 bilag. Vi tek vare på alle bilag undervegs, men vi treng ikkje gruppere eller summere dei før vi utarbeider skattemeldinga.

Alle inntekter og kostnader skal først førast inn i eit skjema kalla næringsoppgåva. Her får vi fram eit eventuelt overskot eller underskot for verksemda. Resultatet fører vi vidare til skattemeldinga.

Dersom verksemda er meirverdipliktig, må ho vere à jour annankvar månad, sidan oppgåva over meirverdiavgift blir rapportert seks gonger i året.

Det same gjeld viss enkeltpersonføretaket har tilsette. Pliktig rapportering av skattetrekk og arbeidsgivaravgift skjer òg annankvar månad.

Regelen om oppbevaring av bilag

Bokføringslova har reglar for kor lenge bilaga skal oppbevarast etter at driftsåret er omme. Vi skil då mellom såkalla primærbilag og sekundærbilag.

Primærbilag

Følgande bilag skal oppbevarast i fem år:

  • årsrekneskapar og rekneskapsrapportering
  • dokumentasjon av bokførte opplysningar

Sekundærbilag

Følgande bilag skal oppbevarast i 3,5 år:

  • avtalar som gjeld verksemda (unntatt dei minst viktige)
  • korrespondanse som gir viktig tilleggsinformasjon i tilknyting til ei bokført opplysning
  • utgåande pakksetlar eller tilsvarande dokumentasjon som ligg føre på papir ved leveringstidspunktet
  • prisoversikter som krevst utarbeidde etter lov eller forskrift

God bokføringsskikk

Eit av dei ti grunnleggande bokføringsprinsippa er god bokføringsskikk. Kva dette eigentleg inneber, er ikkje omtalt i lova. Det er rekneskapsbransjen sjølv som definerer denne skikken.

Norsk Regnskapsstiftelse

Norsk Regnskapsstiftelse gir ut dei norske rekneskaps- og bokføringsstandardane. Prinsippet inneber at bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar skal skje i samsvar med god bokføringsskikk. På den måten er det etablert ein rettsleg standard som eit supplement til føresegner i lov og forskrift.

Bak Norsk Regnskapsstiftelse (NRS) står det åtte sentrale instansar. Det er Den norske Revisorforening, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF), Norges handelshøyskole, Norske Finansanalytikeres Forening, Econa (tidlegare norske Siviløkonomers forening), Næringslivets Hovedorganisasjon, Oslo Børs og Handelshøyskolen BI.

Bokføringslova er ei rammelov som tillèt at bransjen set standardar gjennom NRS. NRS gjer ein flott innsats gjennom utkasta og høyringsrundane sine. Utviklinga av standardar for god bokføringsskikk skjer i form av ein felles dugnadsinnsats.

Noko av utfordringa for styresmaktene og bransjen er den omveltinga som samfunnet både nasjonalt og internasjonalt er gjenstand for. Dette gjer det vanskeleg å forhalde seg til eit statisk lovverk. Å lage og godkjenne lover er ein svært omfattande og tidkrevjande prosess. Ein seriøs bransje kan derimot setje standardar på ein meir fleksibel måte, sjølv om dette arbeidet òg er svært omfattande.

God bokføringsskikk gjeld alle verksemdene. Større verksemder har òg andre og meir omfattande lover og reglar å forhalde seg til.

Grunnleggande bokføringsprinsipp § 4

Rekneskapssystem
Det heile skal vere ordentleg og oversiktleg.
Fullstendigheit
Alle transaksjonar (bilag) skal vere med.
Realitet
Hendinga skal faktisk ha hendt.
Nøyaktigheit
Alt skal vere korrekt.
Ajourhald
Vi må vere à jour så ofte som det krevst.
Dokumentasjon
Bilaget skal vise at det gjeld verksemda.
Sporbarheit
Føring og bilag må kunne finnast.
Oppbevaring
Oppbevaringa skal vare så lenge det er sakleg behov.
Sikring
Det skal sikrast mot endring, sletting og tap.
God bokføringsskikk
Bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar skal skje i samsvar med god bokføringsskikk.

Relatert innhald

Skrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.09.2024