Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kaffibaren

Når du skal drive ein kaffibar, må du ha det som i serveringlova blir kalla for serveringsløyve. Andre lover du må rette deg etter, er mellom anna matlova, røykjelova og åndsverklova. I denne oppgåva får du repetert kva reglar som gjeld.
Venner på kaffibar. Foto.

Oppgåve

  1. Forklar kva som skal til for å få serveringløyve, og kven du må søkje hos.
  2. Har du lov til å servere vin på kaffibaren? Grunngi svaret ut frå aktuelle paragrafar i alkohollova.
  3. Kva er dei viktigaste reglane i matlova som kaffibarar må følgje?
  4. Du har kundar som ønskjer å røykje. Kan du tillate det? Forklar og grunngi ut frå aktuelle paragrafar i røykjelova.
  5. Du har på radioen i kaffibaren. Er det lovleg? Kva reglar gjeld for avspeling av musikk?

Relatert innhald

Alle som jobbar på ein serveringsstad, må følgje ein del lover og reglar for å sikre at det blir produsert trygg mat.

For å kunne drive ein serveringsstad må du ha serveringsløyve. Det er kommunen som gir serveringsløyve.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Reglar og lovverk for servicenæringa