Hopp til innhald

Fagstoff

Tobakksskadelova

Røyking er ikkje tillate på serveringsstader, det vil seie i lokale der det blir servert mat og drikke. Det er heller ikkje lov å røyke i transportmiddel – buss, tog, fly og så vidare. Reklame for tobakkssvarer er forbode.
Eit forbodsskilt på ein vegg. Ein sigarett har ein raud ring rundt seg og ein diagonal strek over seg. Foto.

Formålet med lova

Formålet med denne loven er å begrense de helseskadene som bruk av tobakksvarer medfører gjennom å redusere forbruket og på sikt bidra til å oppnå et tobakksfritt samfunn. Videre regulerer loven tiltak for å forebygge at barn og unge begynner å bruke tobakksvarer, fremme at de som allerede bruker tobakksvarer, slutter og beskytte befolkningen mot eksponering for tobakksrøyk. (Tobakksskadelova, 1973, § 1)

Sal av tobakksvarer

Det er forbode å selje tobakkssvarer til personar under 18 år, jf. § 17. Det er òg forbode med tobakksreklame, jf. § 22. Alle tobakksvarer skal vere merkte med helseåtvaring, jf. § 30.

Røykeforbod

Tobakksskadeloven har føresegner som seier kvar det er forbode å røyke. Mange omtalar desse føresegnene som "røykelova". Du kan lese om røykeforbod i lokale og transportmiddel i § 25 i tobakksskadeloven.

Det skal vere merkt tydeleg at det er røykeforbod, til dømes ved inngangen til ein serveringsstad. Verksemda skal ha eit system for internkontroll og skal kunne dokumentere overfor tilsynsmaktene at forbodet mot røyking blir overhalde.

Viss nokon likevel røyker, kan dei visast bort frå transportmiddelet eller serveringsstaden.

Tobakksforbod på skular

I samsvar med § 27 er det forbode å røyke og snuse i skuletida på skuleområdet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av NKI Forlaget og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2024

Læringsressursar

Reglar og lovverk for servicenæringa