Åndsverklova og bruk av musikk - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Åndsverklova og bruk av musikk

Riktig musikkbruk i butikkar, hotell og restaurantar er viktig for at kundane skal vere nøgde. Men på grunn av opphavsretten, som er regulert i åndsverklova, kan ikkje bedrifter fritt spele den musikken dei ønskjer utan ein avtale.

Bruk av musikk offentleg

Kjøpesenter, butikkar, restaurantar og andre som speler musikk offentleg, må ha ein avtale med dei som har skrive og eig musikken. må, med bakgrunn i lov om opphavsrett til åndsverk mv. (åndsverklova), ha gitt løyve til at musikken kan spelast. Først når opphavspersonen har vore død i meir enn 70 år, blir musikken fritt tilgjengeleg.

TONO

Det hadde vore svært tungvint dersom kvar bedrift skulle inngått eigne avtalar med alle artistane. Derfor har vi eit selskap som gir slike løyve på vegner av artistane. Selskapet heiter TONO og driv med frå Kulturdepartementet.

TONO forvaltar rettane til artistane. Bedrifter som ønskjer å bruke bakgrunnsmusikk i kundelokale, må derfor inngå ein avtale med TONO. For ei bedrift med kundelokale på inntil 100 m2 kostar det 1 445 kroner i året (2024). Du finn oppdaterte prisar i prisoversikta til TONO.


Relatert innhald

Ekstern
TONO

Nettside hos tono.no

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2024