Straffelova og straffeprosesslova - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Straffelova og straffeprosesslova

Kva er straffbare handlingar, og korleis kan vektarar bidra til kamp mot kriminalitet? For å kunne opptre rett som vektar må du setje deg godt inn i lovverket som gjeld for sikkerheitsbransjen. Hugs at for vektarar gjeld dei same reglane som for privatpersonar.

Aktuelle lover for vaktbransjen

Straffelova og straffeprosesslova er – i tillegg til vaktverksemdslova – dei viktigaste lovene som regulerer arbeidet og styresmakta til vektaren. Straffelova beskriv kva som er straffbare handlingar. Verkemiddel i kriminalitetsnedkjemping og gangen i ei straffesak er omtalte i straffeprosesslova.

Du må òg kjenne til regelverket innanfor brannvern, samferdsel, flyplasskontroll og skipsanløp, avhengig av i kva næring sikkerheitsarbeidet skal utførast.

Les artikkelen "Vaktverksemdlova".

Straffelova

I straffelova finn vi ei oversikt over kva som er definert som straffbare handlingar, med tilhøyrande strafferamme. Det vil seie kva som er den minste og den maksimale strafferettslege reaksjonen den straffbare handlinga kan få.

Vinningslovbrot (kapittel 27)

Ei av hovudoppgåvene til mange vektarar er å forhindre vinningslovbrot, som tjuveri. I kapittel 27 av straffelova finn du ei beskriving av dei ulike vinningslovbrota, og kva straff dei ulike lovbrota kan medføre.

Først og fremst har vektaren sitt nærvær i butikkar og kjøpesenter ein førebyggande effekt. Kva du som vektar har lov til å gjere om du er vitne til eit tjuveri, står beskrive i straffeprosesslova.

Urettmessig tilgang eller opphald (§ 268)

Ei anna vanleg oppgåve for vektarar er inngangskontroll – for å sjå til at ikkje uvedkommande får tilgang til kundeverksemda.

Eigar sin rett kan overførast til vektaren i samband med vektartenesta. Med denne retten vil ein vektar kunne nekte personar tilgang, vise bort folk og setje vilkår.

I samsvar med straffelova § 268 kan personar som oppheld seg ulovleg på ein annan sin eigedom, straffast med bot eller fengsel inntil 2 år.

Nødrett og nødverje (§ 17 og 18)

Etter norsk rett har alle lov til å utføre nokre handlingar, som elles ville ha vore straffbare, om det dreier seg om nødrett eller nødverje. Nødrett gjeld om vi skal redde liv, helse eller eigedom. Handlingar som blir utførte for å hindre eit ulovleg angrep, blir kalla nødverje.

Om eit spedbarn er forlate i bilen i solsteiken, og det er fare for livet til barnet, kan ein, jf. § 17 om nødrett, knuse ruta på bilen for å redde barnet.

Vi kan handle i nødverje både om vi skal forsvare oss sjølve og andre frå eit ulovleg angrep. Til dømes kan vi gripe inn i ein slåstkamp og setje i verk ei pågriping.

For handlingar som er utførte som nødrett eller nødverje gjeld forholdsmessigprinsippet. Det vil seie at handlinga vi utfører, må stå i forhold til kva vi skal forhindre.

Lovleg sjølvtekt (§ 19)

Sjølvtekt vil seie å ta lova i eigne hender og er normalt sett ikkje lov. Men i nokre samanhengar er det tillate, og då kallar vi det lovleg sjølvtekt. For at det skal vere lovleg, må handlinga ha som formål å gjenopprette ei ulovleg handling, og det må vere urimeleg å vente på politiet.

Om du til dømes nokre dagar etter eit innbrot i ein sykkelbutikk ser ein person syklande på ein av dei stolne syklane, har du lov til å bruke makt til å ta frå vedkommande sykkelen. Men som ved nødrett og nødverje gjeld òg her forholdsmessigprinsippet. Makta du bruker, må stå i forhold til den ulovlege handlinga du skal gjenopprette.

Straffeprosesslova

Straffeprosesslova regulerer korleis ei straffesak skal behandlast, og tek for seg ulike verkemiddel i kampen mot kriminalitet.

I samsvar med straffeprosesslova kapittel 10 har vitne, som blir innkalla av retten, plikt til å møte. Ved spesielle hendingar på jobb må du derfor som vektar vere førebudd på å kunne bli kalla inn som vitne.

Tvangsmiddel

Inngrep som blir gjennomførte med tvang for å handheve lover og reglar og nedkjempe kriminelle handlingar, kallar vi tvangsmiddel. Dei vanlegaste tvangsmidla er pågriping, ransaking og beslag, jf. Straffeprosesslova fjerde del.

I utgangspunktet er det politiet, som ved tilstrekkeleg grunn, kan nytte seg av eit tvangsmiddel. Men det finst nokre unntak der alle har lov til å bruke eit tvangsmiddel, og det er berre i desse tilfella du som vektar òg har høve til å bruke tvangsmiddelet.

Pågriping

Personar som er mistenkte for ei straffbar handling, som har ei strafferamme på over 6 månaders fengsel, kan pågripast dersom eitt eller fleire av dei fire punkta i Straffeprosesslova § 171 er til stades. Det same gjeld òg for mindre tjuveri, Straffelova § 323, sjølv om det har ei lågare strafferamme.

Straffeprosesslova § 171

Den som med skjellig grunn mistenkes for én eller flere handlinger som etter loven kan medføre høyere straff enn fengsel i 6 måneder, kan pågripes når

1. det er grunn til å frykte for at han vil unndra seg forfølgingen eller fullbyrdingen av straff eller andre forholdsregler

2. det er nærliggende fare for at han vil forspille bevis i saken, for eksempel ved å fjerne spor eller påvirke vitner eller medskyldige

3. det antas påkrevd for å hindre at han på ny begår en straffbar handling som kan medføre høyere straff enn fengsel i 6 måneder

4. han selv begjærer det av grunner som finnes fyldestgjørende

Det samme gjelder den som med skjellig grunn mistenkes for overtredelse av straffeloven § 323.

Når det er reist sak om overføring til tvungent psykisk helsevern etter straffeloven § 62 eller tvungen omsorg etter straffeloven § 63, eller det er sannsynlig at slik sak vil bli reist, kan pågripelse skje uansett om straff kan idømmes, såfremt vilkårene i første ledd for øvrig foreligger. Det samme gjelder når det er avsagt dom på overføring til tvungent psykisk helsevern eller tvungen omsorg.

Straffeprosesslova sin § 176 gir alle ein rett til å pågripe når det er på fersk gjerning eller etter ferske spor. Den pågripne skal snarast overgivast til politiet.

Krava er altså at du er sikker på at det er gjort ei straffbar handling, og at det er rett gjerningsperson du pågrip. I tillegg skal du ved pågripinga aldri bruke meir makt enn nødvendig. Nødrett og nødverje gir òg rett til pågriping.

Ransaking

Å ransake vil seie at ein som ledd i etterforskinga av ei straffbar handling undersøker eigedommen, klede, vesker med meir til ein person.

Som hovudregel er det berre politiet som kan ransake, men det finst nokre unntak (straffeprosesslova sin § 178). Som privatperson (eller vektar) kan du til dømes ransake ein person og eigedelane til personen viss du veit at hen har eit våpen eller liknande som kan brukast til vald eller til å komme seg unna.

Beslag

Å ta beslag vil seie å ta ting, til dømes tjuvegods, frå ein mistenkt person.

Privatpersonar (og vektarar) kan ta beslag etter straffeprosesslova sin § 206. Kravet er at den mistenkte treffest eller blir forfølgt på fersk gjerning eller etter ferske spor. Det som er beslaglagt, skal straks overleverast til politiet.


Test deg sjølv

Relatert innhald

Skrive av Anki Olsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2024