Vakverksemdslova - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vakverksemdslova

Vakverksemdslova skal sikre god kvalitet på vakttenester og vareta rettssikkerheita for dei som kjem i kontakt med vektarar.

Løyve om vaktverksemd

Vakverksemdslova regulerer all vaktverksemd i Noreg, og skal sørge for at vaktselskapa tilbyr seriøse vektartenester med god kvalitet. I tilhøyrande forskrift, vaktverksemdsforskrifta, blir føresegnene utdjupa i vaktverksemdslova med meir konkrete reglar.

I samsvar med vaktverksemdslova må verksemder innhente løyve frå politiet for å drive vaktverksemd. Eit slikt løyve krev mellom anna at vaktselskapet følger gjeldande lover og reglar, blant dei må tilsette ha tilfredsstillande vandel og godkjend utdanning for vektarar. Vidare er det eit krav at vektarane skal vere minimum 18 år, og at den som startar vaktselskapet, er minst 21 år.

Vakverksemdslova regulerer òg bruk av uniformer, jf. § 10, og blir utdjupa i § 28 i vaktverksemdsforskrifta:

Uniformen skal være tilpasset tjenesten som utføres og være tydelig merket med virksomhetens navn. På venstre brystside skal uniformen ha merket "vekter" eller "vekter under opplæring" for personell under opplæring. På uniform som benyttes av ansatte i Statens forvaltningstjeneste, Domstoladministrasjonen og Stortinget kan "vekter" erstattes med "security". Uniform som benyttes av ordensvakt uten vekterkompetanse skal være merket med "ordensvakt" eller "ordensvakt under opplæring" for personell under opplæring.

Uniforma skal godkjennast av politiet, mellom anna fordi uniforma ikkje skal kunne forvekslast med politiet, Forsvaret eller tollvesenet sine uniformar.

Bruk av makt

I Noreg har staten einerett på politistyresmakt, og privat rettshandheving er forboden. Sjølv vaktselskap som har fått driftsløyve av politiet, har ikkje tilgang til verkemiddel ut over det alle borgarar har lov til å gjere.

I vaktverksemdslova § 12 blir det presisert at vektarar ikkje har tilgang til å bruke makt utover den generelle tilgangen alle har ved nødverje, jf. straffelova § 18.

Krav om tilfredsstillande vandel

Alle tilsette og leiarar i eit vaktselskap må ha politiattest som bekreftar ein tilfredsstillande vandel, jf. vaktverksemdslova § 8 Krav til tilsette. Det vil seie at eventuelle merknader på politiattesten blir vurderte av selskapet som tilsett. Merknader som omhandlar vald, vinning, narkotika og sedskap, utelukkar ifølge vaktverksemdsforskrifta tilsetjing.

Det er viktig at sikkerheitsbransjen verkar seriøs, og det er høge forventningar til at alle sikkerheitsselskapa er grundige og strenge ved tilsetjingar. Hugs at selskapa skal passe på verdiane til andre menneske og bedrifter.

Teiingsplikt

For å tilfredsstille både lovverket og kundane til sikkerheitsselskapa er det heilt nødvendig å ha eit system for teiingsplikt blant dei tilsette i sikkerheitsbransjen.

Teiingsplikt vil seie at du som tilsett har plikt til å halde hemmeleg det du ser, høyrer og lærer i bedrifta du utfører sikkerheitstenester for. Sikkerheitsselskapa krev at du signerer ein teiingslovnad som omfattar alt du måtte komme over av informasjon hos kundebedriftene.

Relatert innhald

Skrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.09.2024