Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet ytringsfridom og ytringsansvar
Kvifor er ytringsfridom ein føresetnad for demokratiet vårt, og kva utfordringar står ytringsfridommen overfor i samfunnet i dag? Vurder forståinga di av dette emnet.
Gå gjennom desse punkta og få oversikt:
- Eg veit at ytringsfridom er ein grunnleggande rett som handlar om å gi uttrykk for meiningane mine.
- Eg kan drøfte grunnleggande problemstillingar knytte til ytringsfridom.
- Eg kan bruke ytringsfridommen min på ein aktiv og ansvarleg måte. Eg veit kva ytringsansvar inneber.
- Eg veit korleis eg kan ytre meg på ulike måtar, gjennom ulike kanalar.
- Eg forstår at ytringsfridommen er eit overordna prinsipp i eit demokrati.
- Eg veit at nokre ytringar er ulovlege og straffbare.
- Eg har lært at uformelle normer og reglar kan avgrense ytringsfridommen.
- Eg veit kvifor hatefulle ytringar kan vere ei utfordring for demokratiet vårt.
fagomgrep | ||
---|---|---|
Ytringsfridom | Ytringsansvar | Pressefridom |
Informasjonsfridom | Ulovlege ytringar | Hatefulle ytringar |
Netthets | Demokrati | Sensur |