Oppgåve
Kven har mediemakt i dag?
Diskuter i klassen, hvem som har mediemakt.
Internett har gjort det lettare for kvar og ein å publisere både informasjon og meiningar. Her og no kan du leggje ut eit innlegg i sosiale media som potensielt kan nå tusenvis av menneske på kort tid.
Slik sett kan vi seie at dei store medieaktørane har mista noko av makta si. På same tid bruker dei fleste av oss framleis kanalane til dei store mediehusa til både nyheiter, underhaldning og debatt.
- Kor mykje makt, og kva type makt, vil de seie at dei store mediehusa har?
- På kva område mister mediehusa makt?
- Kva for kjelder meiner de har stor makt, og kvifor har dei stor makt?
- Er sosiale medium ein arena for folk flest, eller er det den politiske eliten som i første rekkje dominerer den offentlege debatten også i denne typen medium?
Bruk fagomgrep når de diskuterer, og finn både for- og motargument til påstandane dykkar.
Del synspunkta dykkar med resten av klassen.