Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføring til barn og unge i sosiale medium

Visste du at om du er gut eller jente har spesielt mykje å seie for kva reklame du får i sosiale medium? Algoritmar blir nemleg skreddarsydde etter dei opplysningane du legg att som brukar.
Jente ser på sosiale medium på mobilskjerm. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommersielle aktørar og marknadsføringsteknikkar

Når du bruker sosiale medium, vender du deg altså til ein stor og variert kommersiell marknad. Dei vanlegaste marknadsføringsteknikkane er sponsa lenkjer, kjendissponsing og rabattkoder. Marknadsføringsstrategiane er gjerne integrerte og kombinerte med anna innhald. Dei kan derfor vere vanskelege å forstå som marknadsføring.

Fleire kjendisar og "influencarar" har fått merksemd for mangelfull reklamemerking og brot på marknadsføringslova. Forbrukartilsynet har gjort eit stort arbeid for å få slik marknadsføring merkt. Særleg alkoholreklame frå utlandet og kjendisblogganbefalingar manglar merking.

Kommersielle aktørar frå mange ulike marknader kan konkurrere om merksemda di i sosiale medium:

  • tv, film og lokale events
  • digitale spel og teknologi
  • mat og drikke
  • kosmetikk og skjønnheitstenester
  • klede
  • betalingstenester og forsikring
  • utdanning og jobb
  • sport og køyretøy

Les meir om forbrukertilsynet si rettleiing for merking av reklame.

Skreddarsydd marknadsføring

To hender held opp kvar sin reklame for tannbleiking. Ein er retta mot kvinner og den andre er retta mot menn. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital marknadsføring er skreddarsydd etter dei personlege dataa sine som kjønn, lokasjon, alder, etnisitet og digitale aktivitetar. Du får personretta reklame. Algoritmar bestemmer kva reklame du får med utgangspunkt i dei opplysningane du legg att som brukar.

Mest tydeleg er skreddarsaumen knytt til kjønn. Kjønn er altså den viktigaste enkeltfaktoren som bestemmer kva reklame du får. Slik marknadsføring er i strid med ideal om likeverd mellom kjønn.

Jenter og gutar

  • får reklame for ulike produkt og tenester
  • får ulik reklame for same typar produkt

Tv, filmar og lokale eventer

Marknaden for tv, film og lokale events er retta ulikt mot gutar og jenter. Lokale events i gutane sine sosiale medium fokuserer på sportslege aktivitetar og trening, mens marknadsføring for lokale events retta mot jentene i mykje større grad er relatert til kropp og utsjånad.

Venleik og teknologi

Gutar får mykje meir merksemd rundt spel og teknologi enn jenter, mens jentene får meir kommersielt innhald relatert til skjønnheit og kosmetikk enn gutane.

Reklame som jenter mottek, har ein tendens til å vere seksualisert og kroppsorientert, og han spelar på usikkerheit, mens marknadsføring mot gutar er knytt til aktivitetar, teknologi og spel.

Plaga av skreddarsydd marknadsføring

Jenter i aldersgruppa 15–16 er meir eksponerte for og plaga av slik personretta marknadsføring enn gutar og dei i aldersgruppa 17–18 år.

Ulovleg marknadsføring

Etter norsk lov skal barn og unge beskyttast mot reklame for alkohol,
gambling, kosmetiske behandlingar og produkt for å gå ned i vekt. Dette er marknadsføring det også er allmenn einigheit om at barn og unge skal beskyttast mot.

Barn og unge sin alder i sosiale medium beskyttar dei ikkje mot ulovleg marknadsføring.

Talet på prosent 15–16 åringar som har vorte eksponerte for ulovleg reklame:

  • 77 prosent - pengespel eller gambling
  • 71 prosent - vektreduserande produkt, talet for jenter er mykje høgare enn for gutar
  • 48 prosent - kosmetiske behandlingar eller plastisk kirurgi, jenter er utsette for høgare eksponering enn gutar
  • 25 prosent - alkohol: meir reklame blir retta til 15-16 åringane enn til 17-18 åringane

Tenk over

Stemmer desse tala med erfaring du sjølv har frå reklame du møte i sosiale medium?

Kjelde

Rosenberg, T., Steinnes, K.K. og Storm-Mathisen, A. (2018). Markedsføring og personvern i sosiale medier – en flermetodisk undersøkelse med barn som medforskere. Oppdragsrapport 13- 2018. Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet – storbyuniversitetet. Henta frå https://fagarkivet.oslomet.no/en/.pdf

CC BY-SASkrive av Thea Rosenberg , Kamilla Knutsen Steines og Ardis Storm-Mathisen . Rettshavar: Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet
Sist fagleg oppdatert 15.10.2019

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn