Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er du ein kritisk nyheitskonsument?

Reflekter over kva kjelder du vanlegvis hentar nyheiter frå, og i kor stor grad du er kritisk til dei nyheitskjeldene du bruker. Gjennomfør deretter brukarundersøkinga til Medietilsynet frå 2017.
Person i profil med lang nese der ordet news er skrive. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva erfaringar har du med falske nyheiter?

Fase 1: Svar på spørsmåla

Noter ned svar på desse spørsmåla:

  1. Kva nyheitssaker har du fått med deg i det siste?
  2. Kvar får du nyheitsinformasjonen din frå?
  3. Kvifor er det skilnad på informasjon som blir formidla gjennom nyheitsmedium og informasjon som blir formidla i sosiale medium?
  4. Korleis reagerer du når du les noko som verkar svært lite truverdig?

Del svara dine med ein medelev, og snakk saman om det de har skrive.

Fase 2: Undersøking om falske nyheiter

Svar deretter på denne undersøkinga om falske nyheiter. Ho inneheld ti spørsmål om falske nyheiter og eitt spørsmål om kva sosiale medium du bruker.

Spørsmåla er dei same som vart brukte i ei landsomfattande undersøking som Medietilsynet stod bak i mars 2017. Svara i undersøkinga du no deltek i, kan derfor seinare samanliknast med svara i Medietilsynet si undersøking.

Interaktiv undersøking om falske nyheiter (docs.google.com).

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2022

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn