Hopp til innhald

Fagartikkel

Hatefulle ytringar i sosiale medium

Norsk lov gjeld også for ytringar i sosiale medium. Straffelova forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar retta mot andre menneske på grunn av hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav.

LK20LK06

Hatefulle ytringar

I Noreg er det straffbart å ytre seg hatefullt eller diskriminerande mot enkeltpersonar. § 185 i Straffelova forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar retta mot andre menneske på grunn av hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav. Både verbale ytringar og symbol blir i denne samanhengen rekna som ytringar.

Dei som blir utsette for hatefulle ytringar, opplever at andre tek frå dei verdigheita deira, og at dei blir haldne ute frå eit sosialt fellesskap med andre. Hatefulle ytringar aukar motsetnaden mellom ulike grupper i samfunnet og skremmer folk frå å ta del i den offentlege debatten. I siste instans er det ein trussel mot demokratiet vårt.

Når vi ytrar oss anonymt, eller når vi ikkje ser den vi snakkar med, er det lett å trå over grenser for mellommenneskeleg kommunikasjon som vi elles ville ha respektert. Dette rammar enkeltmenneske hardt, men det øydelegg også det fellesskapet samfunnet vårt er tufta på.

Brukarstyrt, men ikkje lovlaust

Omgrepet sosiale medium omfattar mediekanalar eller plattformer som ved bruk av internett eller annan webbasert teknologi gjer det mogleg med interaksjon mellom to eller fleire brukarar. Eit viktig kjenneteikn på sosiale medium er at innhaldet er styrt av brukarane og ikkje av ein ansvarleg redaksjon. Det fører til at nokre brukarar oppfattar sosiale medium som eit lovlaust område der ein kan publisere det som måtte falle ein inn. Men slik er det ikkje! Norsk lovverk gjeld også for sosiale medium.

Eitt eksempel er § 185 i straffelova som seier:

Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring. Som ytring regnes også bruk av symboler.

Desse lovføresegnene er viktige å ha i bakhovudet når ein legg ut tekst, lyd og bilete på nett.

Vi treng eit nytt lovverk

Lover som gjeld offentlege ytringar er skrivne i ei tid da det stort sett var ansvarlege organisasjonar med eit klart redaktøransvar som hadde tilgang til mediekanalane. Dette lovverket fungerer dårleg når den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg for kven som helst å publisere ytringar gjennom dei sosiale media.

Kjelde

Straffeloven. 2005. Lov om straff (LOV-2005-05-20-28). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28

Sist oppdatert 21.06.2018
Skrive av Stein Vegard Olaussen og Ragna Marie Tørdal

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn