Hopp til innhald

Oppgåve

Journalistikk på Snapchat

Er journalistikk på Snapchat ei sunn utvikling?
Mange norske medium har teke i bruk Snapchat som kanal for å treffe yngre målgrupper med journalistisk innhald. VG har satsa på Snapchat Discover, der dei produserer ei dagleg utgåve med nyheiter.

LK20
Logoen til Snapchat. Foto.

1. Lytt til denne podkasten frå NRK Kurer: Er journalistikk på Snapchat en sunn utvikling?

Diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Kva er Snapchat-journalistikk? Er det innovativ nyheitsformidling eller underhaldning forkledd som nyheiter? Grunngi svaret.
  2. Høver Snapchat til god journalistikk?
  3. Kven er målgruppa til VG sin Snapchat-redaksjon?
  4. Kvifor trur de VG har lykkast med å produsere nyheiter på Snapchat?
  5. Trur de journalistikk på Snapchat er ei sunn utvikling? Grunngi svaret.
Snapchat-kode. Illustrasjon.

VG Discover

2. VG Discover: Ta bilete av denne koden med Snapchat, og kom rett inn på VG si utgåve:

Diskuter desse spørsmåla i grupper:

  1. Korleis blir dagens nyheitsbilete presentert på Snapchat?
  2. Kva for nokre av sakene interesserer dykk?
  3. Korleis blir sakene tilpassa Snapchat-formatet?
  4. På sosiale plattformer ser vi at journalistar kan publisere saker som har relativt låg nyheitsverdi, men som skaper engasjement og får mange delingar. Kan de finne nokon eksempel på det her?


Sist oppdatert 06.04.2020
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn