Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis blir falske nyhende spreidde?

Korleis oppstår falske nyhende? Og kvifor blir dei spreidde så fort? Kanskje nøkkelen ligg i måten du sjølv bruker sosiale medium på?
Jente les på mobilskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi formidlar vidare det vi skulle ønskje var sant

Den informasjonen som lettast blir spreidd i sosiale medium er den som provoserer fram sterke kjensler. Dessutan er vi mest mottakelege for informasjon som forsterkar dei meiningane og fordommane vi har frå før.

Men nettopp i den augeblinken du tenkjer «endeleg fekk eg rett» og musepeikaren er på veg til likar- eller del-knappen, er tida inne for å utøve kjeldekritikk. Er det du no er i ferd med å spreie vidare i sosiale medium, faktisk sant? Eller er du med på å spreie falske nyhende?

Vi stoler på dei som deler

Kven som deler ei sak i sosiale medium, har større betyding for tilliten enn kven som faktisk har skrive saka, ifølgje rapporten «Who shared it?»[1].

Vi har altså meir tillit til ei sak delt av ein person vi stoler på, men som er skrive av en ukjend person, enn til ei sak som er skrive av en kjend person, men delt av ein person vi ikkje stoler på.

Når du sjølv deler eit nyhende, påverkar du samtidig dei som stoler på deg til å dele nyhendet vidare. Jo fleire som deler og kommenterer eit nyhende, jo meir seigliva blir historia. Men det betyr jo ikkje nødvendigvis at ho er sann.

Er det så farleg, då?

Når det skjer dramatiske hendingar, har folk eit enormt behov for rask og riktig informasjon. I sosiale medium spreier informasjonen seg raskt, utan at nokon sjekkar om informasjonen er korrekt. Då kan det lett oppstå rykte som kan få dramatiske konsekvensar for dei det går ut over. Det kan også få oss til handle på måtar vi elles ikkje ville ha gjort.

Døme frå Dagbladet: To menn blei lynsja etter rykte på WhatsApp

Dramatiske eller overraskande nyhende appellerer til oss. Vi får rett og slett berre lyst til å dele dei vidare. Det gjeld også unyanserte historier der nokon blir framstilte som heltar og andre som skurkar, eller der heltar blir avslørte som noko anna enn det dei ønskjer å verke som.

Somme nyhendeoppslag framstiller til dømes den svenske miljøforkjemparen Greta Thunberg som ein ekte helt. Andre framstiller henne som ein falsk helt, eller som eit offer som let seg utnytte. Fakta.no har sett nærmare på 11 påstandar om Greta Thunberg. Har du høyrt eller lese desse påstandane før?

Eit anna døme er historier om innvandrarar, og spesielt muslimar. Som ein del av hatretorikken i sosiale medium blir fabrikkerte historier brukte som prov på at desse menneska har vonde eller skjulte agendaer.

På startsiden.no finn du ei liste over dei 25 mest delte falske nyhenda i 2017.

Kva for saker blir mest delte?

Det er lett å la seg freiste til ukritisk å dele nyhende som formidlar eit forenkla verdsbilete. Problemet er berre at verda ikkje er så enkel som nokon ønskjer vi skal tru at ho er. Deler vi falske nyhende, kan vi vere med på å byggje opp og styrke konfliktar mellom ytterleggåande grupper i samfunnet.

Ein trugsel mot demokratiet

Når vi deler ukritisk, kan vi også umedvitne bli brukte av krefter som ønskjer å oppnå bestemte politiske mål. Eit døme er korleis NRK-redaksjonen Folkeopplysningen forsøkte å påverke skulevalet ved Lillestrøm videregående skole, hausten 2020. Dette stuntet illustrerer godt korleis infiltratørar i tida vår forsøkjer å påverke demokratiske val over heile verda.

Folkeopplysningen: Slik forsøkte de å manipulere skolevalget

Nokre av Lillestrøm-elevane blei sinte og følte seg lura då sannheita kom fram. Korleis ville du ha reagert dersom det galt deg? Del gjerne tankane dine med ein medelev.

I kva kanalar blir falske nyhende spreidde?

Falske nyhende kan bli spreidde i all kommunikasjon mellom menneske. Men det er spesielt farleg når dei spreiast gjennom mediekanaler som folk over heile verda bruker dagleg. Her er dei viktigaste:

  • gjennom sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram
  • via søkjemotorar som Google
  • via ulike nettforum
  • via redaksjonelle medium som aviser, TV og radio

Redaksjonelle medium som aviser og kringkasting har profesjonelle medarbeidarar og faste rutinar for kjeldekritikk og faktasjekk. Men det hender i blant at det blir gjort feil også her. Dessutan ser vi døme på at politisk overtyding eller kommersielle omsyn kan få eit mediehus til medvite å spreie falske nyhende. Det er heldigvis eit sjeldan fenomen i Noreg.

Kva kan du gjere?

Så kva kan du gjere i slike høve, før du eventuelt deler og er med på å spreie falske nyhende vidare?

Først og fremst kan du tenkje deg om to gonger før du spreier nyhendet vidare.

  • Er dette eigentleg for godt til å vere sant?
  • Kven er den eigentlege avsendaren?
  • Kven har noko å tene på at du vidareformidlar nyhendet?

For å finne ut noko om dette kan du til dømes klikke deg inn på faktasjekknettverk som faktisk.no og bellingcat.com, som berre jobbar med å faktasjekke innhald som spreiast i ulike medium.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2019

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn