Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hatytringar – ei utfordring for demokratiet

Dersom du ytrar deg i offentlegheita, kan du risikere å bli utsett for hatefulle ytringar. Hatefulle ytringar kan vere ei utfordring for demokratiet vårt. Kjør diskusjon!

I denne videoen frå Medietilsynet høyrer vi barn lese kommentarar som norske politikarar har fått i sosiale medium.

Diskuter temaet hatefulle ytringar

Tips til diskusjonsspørsmål i klassen:

  • Kvifor kan hatefulle ytringar vere ei utfordring for demokratiet vårt?
  • Korleis kan ein forhindre hatefulle ytringar?
  • Kvar meiner du grensa går mellom fornærmingar og hatefulle ytringar?
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2023

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn