Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når enkeltpersonar har definisjonsmakt

Greta Thunberg har fått enorm merksemd for engasjementet sitt for klimasaka. Ho påverkar menneske over heile verda. Kva skal til for at ein tenåring kan få gjennomslag for meiningane sine og setje dagsordenen på denne måten?
Tenåringen Greta Thunberg snakkar i mikrofon framfor logoen til World Economic Forum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Definisjonsmakt

  1. Kva er definisjonsmakt?
  2. Kan du gi eksempel på personar som har definisjonsmakt?
    Tips: Her kan du tenkje både lokalt, nasjonalt og globalt, finn gjerne fleire eksempel.
  3. Diskuter to eller tre saman: Det ligg mykje makt i å få gjennomslag for versjonen sin av verkelegheita, kvifor er det slik?
  4. Kven har makt til å skape definisjonar og påverke meiningane dine?

Kan ein 16-åring setje dagsordenen?

  1. Kva betyr det å setje dagsordenen?
  2. Finn ut korleis Greta Thunberg først fekk merksemd.
  3. Korleis kan dette ha ført til at ho no er verdskjend?
  4. Diskuter to eller tre saman: Kva skal til for at ein 16-åring kan setje dagsordenen på denne måten og påverke så mange?
  5. Barn og unge slepper sjeldan til med meiningane sine i den offentlege debatten. Kvifor er det viktig at unge røyster blir høyrde?

Påverknad gjennom mediekanalar

  1. Thunberg er aktiv i både tradisjonelle og sosiale mediekanalar når ho ytrar seg om klimaspørsmål. Finn ut kva mediekanalar ho bruker mest.
  2. Kva meiner du er mest effektfullt dersom du skal rette merksemd mot ei sak du brenn for, tradisjonelle eller sosiale mediekanalar?
  3. Kva kanalar ville du ha brukt? Grunngi svaret ditt.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn