Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Snapchat: Kva betyr ytringsfridom for deg?

Alle menneske i Noreg har ytringsfridom. Retten er grunnlovsfesta, og ytringsfridom er ein føresetnad for demokratiet vårt. Men kva betyr ytringsfridom for ungdom i dag? I denne oppgåva skal du presentere ulike synspunkt på Snapchat.
Fire ungdommar som står i ring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytringsfridom handlar om retten til å seie meininga si og til å gi eller få opplysningar utan å måtte frykte for straff eller represaliar. Dette er ein grunnleggande rett.

"Kva betyr ytringsfridom for deg?"

Kva betyr ytringsfridom for unge menneske i dag? Tar ungdom denne grunnleggande retten for gitt?

I denne oppgåva skal du intervjue ulike unge personar om dette spørsmålet: "Kva betyr ytringsfridom for deg?"

Logoen til snapchat. Foto.
  • Svara skal publiserast på Snapchat.
  • Lag snappar der du bruker verkemiddel frå Snapchat-formatet, som tekst, farge, kontrastar, filter og emojis.

Framgangsmåte

  1. Bruk gjerne VGs snap-utgåve og studer korleis snap-sakane blir presenterte og kva for nokre visuelle element som er nytta. (til dømes bilete, video, tekst, farge, form, filter)
  2. Still spørsmålet "Kva betyr ytringsfridom for deg?" til minst fire ungdommar.
  3. Lag korte snappar der dei ulike svara blir presenterte. Lag ein snap for kvart svar.
  4. Ta bilete av personane du intervjuar. Få med namn og alder på intervjuobjekta.
  5. Intervjusvara skal presenterast i tekstform, og teksten skal leggast oppå bildet du har tatt av intervjuobjektet. Jobb grundig med tekstane, dei skal vere korte og konsise.
  6. Bruk ulike visuelle element, som til dømes farge, kontrastar, filter, emojis.
  7. Lagre snappane på telefonen din. Til slutt presenterer du snappane for resten av klassen.
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2019

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn