Hopp til innhald

Fagstoff

Media sitt samfunnsoppdrag

For at demokratiet vårt skal fungere, er innbyggjarane avhengige av informasjon. Media skal ta hand om dette. Nyheitsmedia skal formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Det ligg mykje makt i dette ansvaret.
Politimann framfor mange journalistar og kamerafolk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Media sitt samfunnsoppdrag

Media har ei sentral samfunnsrolle. Nyheitsmedia skal formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Dette er ein viktig del av det vi kallar for media sitt samfunnsoppdrag. Dersom vi skal ta aktivt del i samfunnet og delta i den offentlege debatten, er vi altså avhengige av media.

Media skal tale enkeltmennesket si sak mot autoritetane og avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene. I eit demokrati skal alle grupper i samfunnet vere synlege og ha moglegheit til å kome gjennom med stemma si. Media skal beskrive verkelegheita og spegle det samfunnet vi er ein del av.

Ver Varsam-plakaten om media si samfunnsrolle

I Ver Varsam-plakaten les vi om dei etiske normene som gjeld for media. Det første punktet i plakaten handlar om kva rolle media skal spele i det norske samfunnet, og ho blir grunngitt ut frå den demokratiske styringsforma vår:

1.1 Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.


1.2 Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.


1.3 Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene. Avtalar om eksklusiv formidling av arrangement skal ikkje vere til hinder for fri informasjonsformidling.


1.4 Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.


1.5 Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre

Media i demokratiet

Media speler ei grunnleggjande rolle i demokratiet. For at demokratiet vårt skal fungere, er innbyggjarane avhengige av informasjon. Media skal ta hand om dette. Det ligg mykje makt i dette ansvaret. Media skal presentere eit utval av informasjon på ein måte som er relevant og forståeleg.

Det er til dømes viktig at media dekkjer valkampen breitt i forkant av eit stortingsval. Kva står dei ulike politiske partia for? Kva parti er oppteke av miljøsaker, og kva meiner dei ulike partia om skule og utdanning?

Person avgir stemme ved val, stemmesetel og valurne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Media skal halde oss oppdaterte på viktige spørsmål. Aktiv deltaking i samfunnsdebatten krev kunnskap og innsikt. I eit demokrati er vi avhengige av ein arena der vi kan diskutere oss fram til gode måtar å styre fellesskapet på.

I den offentlege debatten diskuterer vi til dømes kva som er gode løysingar på dei felles problema våre, og korleis skattepengane skal brukast. Media kan påverke kva og kven som slepper til i offentlegheita.

Media skal kjennast relevante for alle og treffe breitt, eit mangfald av stemmer i offentlegheita er ein demokratisk føresetnad. Media har eit spesielt ansvar for at ulike grupper og syn kjem til uttrykk.



Kjelde

Pressens faglige utvalg (2015, 1. juli). Ver Varsam-plakaten. Henta 5. mai 2020 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/vvpl-nynorsk/

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Trude Løvskar.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2020

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn