Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Ytringsfridom for kvar ein pris?

Sjølv om ytringsfridommen står sterkt i Noreg, er han under stadig press. Ulike forhold skaper utfordringar for ytringsfridommen i samfunnet. I dette arbeidsoppdraget skal du sjå nærare på ei grunnleggande problemstilling knytt til ytringsfridom.
Grafisk fremstilling av kommunikasjon i sosiale medier. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein podcast eller eit YouTube- innslag der du har fokus på denne problemstillinga: Ytringsfridom for kvar ein pris?

  • Du vel sjølv målgruppe for produktet.
  • Du kan bruke lyd-eller videoopptak av deg sjølv der ulike sider ved problemstillinga kjem fram. Eller du kan velje å ta opptak saman med andre og på den måten få fram ulike sider og argument.
  • Vis til varierte kjelder og konkrete døme. Skap interesse.
  • Medieproduktet skal ha ei varigheit på 7–10 minutt.

  1. Du kan anten jobbe individuelt med dette oppdraget, eller samarbeide med éin eller to medelevar.
  2. Gjer research på temaet. Les tekstane som ligg ved.
  3. Vel ei tydeleg vinkling.
  4. Medieproduktet skal vere opplysande og informativt, problemstillinga skal gå som ein raud tråd gjennom heile innslaget.
  5. I medieproduktet må du vise til relevante kjelder. Kjelder kan til dømes vere lydklipp, videoklipp, skriftlege kjelder eller intervjuobjekt. Ver medviten på rettsavklaring viss du skal nytte deg av andre sine bilete eller lyd- og videoopptak.
  6. Dramaturgi: Ver medviten på oppbygginga av medieproduktet ditt, ho skal vere tydeleg og formålstenleg. Hald på interessa til sjåaren eller lyttaren. Bodskapen må komme fram på ein klar måte.
  7. Teknikk: Vis forståing for lydbruk, val av mikrofon, biletutsnitt og lysbruk.
  8. Du skal sjølv vurdere arbeidet ditt, bruk vurderingsskjemaet under som utgangspunkt.


HØY
MÅLOPPNÅING


MIDDELS MÅLOPPNÅING


LÅG MÅLOPPNÅING

Du har produsert ferdig ein podcast eller eit You Tube-innslag. Produktet er informativt og vinkla på ein måte som gir målgruppa ny kunnskap og god forståing av emnet.

Du har produsert ferdig ein podcast eller eit You Tube-innslag. Produktet inneheld informasjon som gir målgruppa meir kunnskap om emnet.

Du har heilt eller delvis produsert ferdig ein podcast eller eit You Tube-innslag. Produktet gir målgruppa litt kunnskap om emnet.

Du veit korleis du kan kvalitetssikre informasjon, og har brukt fleire kvalitetssikra kjelder i produktet ditt.

Du har brukt fleire kjelder som du trur er pålitelege, men du er ikkje heilt sikker på korleis du kan kontrollere det.

Kjeldene dine er ikkje kvalitetsikra, og/eller du kan ikkje gjere greie for dette.

Bodskapen kjem fram til mottakaren på ein klar og tydeleg måte, utan støy. Tekniske og dramaturgiske val er gjennomtenkte og skaper ein tydeleg heilskap.

Bodskapen kjem fram til mottakaren. Tekniske og dramaturgiske val skaper ein viss heilskap i produksjonen.

Bodskapen kjem fram, men det er støy i kommunikasjonen. Tekniske og dramaturgiske val kunne vore meir gjennomtenkte.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Medium, makt og samfunn