Hopp til innhald

Fagstoff

Jon Fosse – den nye Ibsen

Jon Fosse (1959– ) er den første norske dramatikaren sidan Ibsen med omfattande internasjonal suksess. I 2023 blei han tildelt Nobelprisen i litteratur.

Fosse blir ofte omtalt som "den nye Ibsen". Felles for dei to dramatikarane er ein nyskapande og utforskande teaterteknikk.

Med skodespel som Og aldri skal vi skiljast (1993), Namnet (1995) og Nokon kjem til å komme (1999) blei Jon Fosse (1959– ) den første norske dramatikaren sidan Ibsen med omfattande internasjonal suksess. Han har skrive i både roman-, drama- og lyrikksjangeren. I tillegg til den skjønnlitterære produksjonen har Fosse gitt ut fleire essay- og artikkelsamlingar og dessutan omsetjingar og gjenforteljingar av klassiske verk. I oktober 2023 blei han tildelt Nobels litteraturpris, som den første nynorskforfattaren nokosinne.

Vestlandsforfattar

Jon Fosse har sjølv karakterisert seg som ein vestlandsforfattar. Ofte legg han den konkrete handlinga i tekstane sine til avsidesliggjande stader på Vestlandet – i eit naust nede ved fjorden eller i eit forlate hus inst i dalen. Den karrige og harde vestlandsnaturen dannar eit viktig bakteppe i diktinga hans.

Fosse seier sjølv at det er "himmelen, vinden og lyngen" som inspirerer han i skrivinga. Han prøver å lytte både til stilla og til lydane i naturen, og han prøver å formidle kjenslene dei gir, i tekstane sine. Særleg regn er eit naturfenomen som ofte går igjen i diktinga til Fosse, men mentaliteten og kulturen som han skildrar, er ifølge Fosse typisk vestlandsk òg.

Knappe dialogar

Dialogen mellom menneska er knapp, humoren underfundig, og hendingar blir ofte underdrivne. Tekstane er prega av ein nøktern tone der språket er reinska for patos og overflod. Sjølv om både miljø og karakterar i litteraturen til Fosse kan oppfattast som uttrykk for ein regional og kanskje litt sær norsk mentalitet, står karakterane fram som svært allmennmenneskelege – noko som kanskje er svaret på kvifor Fosse slår så godt an internasjonalt.

Vemod og melankoli

Tekstane er også ofte fylte av vemod og melankoli. Fosse seier sjølv av livet er grunnleggjande trist. Alt du har kjært i livet, og du sjølv, vil etter kvart forsvinne og bli borte. Denne vissa om at livet er i stadig oppløysing og forvitring, er ei allmennmenneskeleg kjensle. I litteraturen til Fosse kjem dette til uttrykk gjennom ei indre uro og karakterar som er både skjøre og valdsame på same tid.

Religiøs undertone

Fleire har peikt på at både fokuset på det reint allmennmenneskelege i stykka hans og den språklege utforminga av dei peiker i retning av eit religiøst nivå i tekstane. Denne religiøse interessa delar Fosse med fleire forfattarar i samtida. Forfattarar som Jonny Halberg (1962– ), Dag Solstad (1941– ) og Karl Ove Knausgård (1968– ) har alle skrive tekstar med klare bibelske referansar, og til liks med Jon Fosse er dei opptekne av korleis religion pregar menneske i det postmoderne samfunnet.

Filosofen Jürgen Habermas (1929– ) har peikt på at dagens samfunn på mange måtar kan kallast eit postsekulært samfunn – eit samfunn der religion har fått fornya interesse – både politisk, kulturelt og individuelt. Hos Fosse må religion forståast både som ei individuell lengt og ei kulturell forankring.

Lyrikaren Fosse

Jon Fosse blei på 1990-talet kjend som ein nyskapande lyrikar i norsk samtidslitteratur. Fosses dikt krinsar ofte rundt dei same språklege bileta og symbola, særleg er han oppteken av hundar, englar og sjøen. I Nye dikt ser vi tydeleg både Fosses særeigne språklege eksperiment og korleis han krinsar rundt religiøse tema og spørsmål. Fleire av dikta er mellom anna utforma som bønner, og Fosse har ei rekkje bibelske allusjonar i dikta sine.

Romanforfattaren Fosse

Fosse har òg skrive fleire romanar. I tobindsromanen Melancholia I–II (1995–1996) skriv han ei suggererande og gjentakande forteljing ut frå målaren Lars Hertervigs (1830–1902) perspektiv. I romanen skildrar han ein melankolsk kunstnar med sterkt skiftande humør. Forteljemåten er langsam og gjentakande, og i romanen skapar han både ein poetisk grunntone og ei nærmast manisk suggererande form.

Blått vestlandslandskap, fjord, hus og robåt. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I romanen Stengd gitar (1985) møter vi ei mor som ved eit uhell låser seg ute frå leilegheita si. Inne i leilegheita sit den eitt år gamle sonen hennar aleine, og romanen handlar om korleis mora kvilelaust vandrar rundt etter hjelp til å komme seg inn. Ferda og tankane tek mora stadig lenger vekk frå leilegheita, og lesaren får aldri noko svar på korleis det går med barnet.

Romanen sluttar slik han byrjar – med mora som kviskrar gjennom døra: "Ungen min, eg er her no. Ikkje ver redd, seier eg". Lesaren sit igjen med ei grunnleggjande uro. Den grunnleggjande uroa og underliggjande angsten finn vi ofte i romanane til Fosse.

Dramatikaren Fosse

Fosses dramatikk blir av mange omtalt som eit paradigmeskifte innan norsk teater- og skodespeltradisjon. Stykka tvingar oss til å tenkje på skodespel og teater på ein grunnleggjande ny måte. Fosse blir gjerne omtalt som "ein meister med pausar", og det er nettopp fråværet av dialogar og replikkar som gjer stykka hans så unike og nyskapande.

Nokon kjem til å komme

I 1996 gav Jon Fosse ut Nokon kjem til å komme. Stykket handlar om ei namnlaus kvinne og ein namnlaus mann som kjøper seg eit hus nede ved sjøen. "Ho" og "Han" ønskjer å bu "aleine i kvarandre", men den "tosame einsemda" dei lever i, blir utfordra då den tidlegare eigaren av huset involverer seg i liva deira. Nærværet av den tidlegare huseigaren vekkjer sjalusi, uro og valdsame kjensler mellom dei to hovudkarakterane.

Nokon kjem til å komme har, til liks med dei fleste Fosse-stykka, få karakterar. I dette stykket møter vi berre tre karakterar – og desse manglar både namn og særpreg. Jon Fosses karakterar blir ofte framstilte i slike stiliserte roller: Du møter "mor", "far", "son", "mann" og "kvinne". På denne måten blir karakterane representantar for noko allment og typisk, meir enn dei representerer noko individuelt. Grunnleggjande og allmennmenneskelege kjensler og karaktertrekk blir framstilte slik at eit breitt publikum kan finne delar av seg sjølve – og sine eigne liv – i karakterane. Rekvisittane er òg ofte få, og scenetilvisingane er knappe, men viktige.

Fosses fokus på par- og familierelasjonar plasserer han i ein dominerande trend i litteraturen på 1990- og 2000-talet: Kva vilkår har familien i ei postmoderne tid? I Fosses stykke er det ofte avstand, einsemd og problem med kommunikasjon som dominerer familielivet. Nokon kjem til å komme tematiserer på mange måtar svært grunnleggjande eksistensielle spørsmål: Korleis ter vi oss i høve til andre menneske? Korleis kommuniserer vi med menneske rundt oss? Og korleis kommuniserer vi med oss sjølve?

Indre og ytre monologar

Denne balansegangen ser vi i Nokon kjem til å komme som vekslinga mellom indre monologar og ytre dialogar. Dei ytre dialogane er replikkane skodespelarane framfører, mens dei indre monologane karakterane fører med seg sjølve, blir viste i form av pausar og togn på scena. Denne togna, avstanden mellom menneska og pausane i kommunikasjonen er på mange måtar sjølve essensen i forfattarskapen til Fosse.

Det utilstrekkelege i språket

Jon Fosse har utvikla ei språktone som er lett å kjenne igjen, der karakterane – anten i romanform eller på scene – dveler ved same utsegn, ord, dialog eller setning. Desse gjentakingane får nærmast eit musikalsk preg over seg – små forskyvingar i utsegnene fører òg til små forskyvingar i meining.

Tempoet i tekstane til Fosse blir òg uhyre langsamt. Stykka er prega av lite konkret handling, meininga og innhaldet ligg i dialogane – og i pausane. Fosses skrivestil kan minne om den modernistiske stream of conciousness-teknikken. Det menneskelege medvitet og tankegangen er viktigare å få fram enn faktisk dialog og ytre kommunikasjon.

Fosses stykke handlar òg ofte om stilla og fråværet av ytre kommunikasjon – det er det indre som er "ekte". Gjentakingane og dei små forskyvingane i meining tvingar òg publikum eller lesaren til å reflektere over språket og kommunikasjonens rolle og kraft. Kor mykje meining kan språket eigentleg bere? Klarer språket å formidle tankane og kjenslene frå det indre i eit menneske? Kan språket formidle noko sant og verkeleg?

Dette er problemstillingar kunsten har sett fram på ulike måtar etter gjennombrotet til modernismen. I postmoderne språkfilosofi stiller ein òg kritiske spørsmål til i kva grad språket evnar å bere meining. Språk skildrar nemleg ikkje verkelegheita – det konstruerer eit bilete av ho. Dermed blir all språkleg kommunikasjon og skildring av omverda eit subjektivt og personleg uttrykk. Språket kan ikkje formidle ei konkret og handfast sanning som er lik for både avsendar og mottakar.

Fosses problematisering av språket som meiningsberar og den genuine krinsinga hans kring stille og pausar som meiningsberande, kan òg tolkast i lys av ein religiøs tradisjon. Fosse er inspirert av mystikken, og ein grunnleggjande tanke her er at mystiske erfaringar er ordlause og intuitive – og kan kallast fram til dømes gjennom meditasjon. Fosses stille og pausar kan ha ein slik meditativ funksjon og skape ny erkjenning hos mottakaren.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2023

Læringsressursar

Dramatisk dikting