Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personskildring i ein scene frå "Hedda Gabler"

Oppgåve

Jobb med personskildring i ein scene frå Hedda Gabler.

Før du ser klippet

Hedda Gabler er dotter av ein general. Ho har gifta seg med Jørgen Tesman, som er stipendiat ved universitetet og som håper å få ei professorstilling der. Det er eit fornuftsekteskap frå Hedda si side – ho må ha ein mann som kan tilby henne den levestandarden ho ønskjer. Hedda og Tesman er nettopp komne heim frå bryllaupsreisa si, og dei får besøk av Thea Elvsted, som ein gong var elev på den same internatskulen for jenter ("instituttet") som Hedda.

Fru Elvsted verkar uroleg og ber Tesman om å hjelpe ein gamal studiekamerat, Ejlert Løvborg. Hedda kjenner òg Løvborg frå tidlegare. Dei to hadde eit veldig nært forhold ein gong. Hedda skjønner straks at den interessa Thea har for Løvborg er uvanleg sterk. Ho avleier mannen sin ved å be han skrive eit brev til Løvborg og tek med seg Thea inn i eit anna rom for å finne ut meir om saka.

Sjå videoklippet og jobb deretter med spørsmåla nedanfor:

  • Kva får vi vite om forholdet mellom Thea og Hedda då dei gjekk på ”instituttet”?
  • Kva gjer Hedda for å oppnå eit fortruleg forhold til Thea? Og kva formål har ho med det?
  • Kva røper Thea om forholdet sitt til mannen sin og til Ejlert Løvborg?
  • Thea meiner at ein kvinneskygge står mellom ho og Ejlert Løvborg. Ho går ut frå at denne kvinna er ei raudhåra songarinne som Løvborg ei tid hadde hatt eit forhold til. Korleis reagerer Hedda når Thea fortel dette?
  • Beskriv maktforholdet mellom Hedda og Thea. Kven verkar sterk, og kven verkar svak i denne samtalen? Forklar korleis språkbruk, kroppsspråk, klede og frisyre hos personane underbyggjer antakinga di.
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting