Kronologi, frampeik og tilbakeblikk
Handlinga i eit tradisjonelt drama er konsentrert og går vanlegvis føre seg innanfor eit kort tidsrom. Sjølve handlingsgangen blir framstilt kronologisk, men det er mogleg for forfattaren å leggje inn både frampeik og tilbakeblikk. Shakespeare sitt drama Romeo og Julie til dømes opnar med eit kort innleiande dikt, ein prolog, som faktisk røper korleis det heile vil ende! Likevel er det så lite konkret tilskodarane får vite at dei blir nysgjerrige og lurer på korleis noko så tragisk kunne skje. Sjølve handlinga i stykket strekkjer seg over mindre enn ei veke: Dei to hovudpersonane møtest på ein fest og forelskar seg, giftar seg i løynd dagen etter og døyr på tragisk vis fire dagar seinare.
Konflikten i eit drama kan ha utspringet sitt i fortida til personane. Når denne fortida blir avslørt systematisk og litt etter litt, gjennom samtalar mellom personane, seier vi at forfattaren bruker retrospektiv teknikk. I Jon Fosse sitt drama Mor og barn (1997) til dømes møter vi ei mor og den vaksne sonen hennar. Sonen er student og for første gong på besøk hos mor si. I løpet av den vel ein time lange samtalen i leilegheita til mora får vi etter kvart vite at ho sette han bort til besteforeldra for sjølv å gjere karriere. Dette er den unge mannen heilt tydeleg plaga av. Konflikten som skal løysast, er det dårlege forholdet mellom mor og son, og det store spørsmålet er kva forhold dei skal ha i framtida.