Hopp til innhald

Fagstoff

Tradisjonell dramaturgi

Dramaet har ei fleire tusen år gamal historie og sjangeren har endra seg gjennom tidene, men den tradisjonelle dramaturgien er framleis mykje brukt, for vi rett og slett elskar det når spenninga byggjer seg opp og vi får ein dramatisk og forløysande slutt!
Scene der Helmer leser brevet som avslører at Nora har forfalsket farens underskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mykje brukt i dag òg

Den vanlegaste måten å byggje eit dramatisk plott på er òg den eldste: Alt for 2300 år sidan skildra den greske tenkjaren Aristoteles i boka Om diktekunsten ein modell for korleis dramaet skulle byggjast opp. Denne modellen har hatt mykje å seie for utviklinga av dramaet i den vestlege verda. I vår eiga tid finn vi igjen modellen til Aristoteles i til dømes spelefilmen – i ei meir spissa utgåve som skal garantere størst mogleg spenning. Han blir òg kalla Hollywood-modellen, i og med at særleg mange amerikanske spelefilmar følgjer dette mønsteret.

Tre delar

Aristoteles meinte at plottet, eller fabelen, som han kalla det, skulle ha ei byrjing, ein midtdel og ein slutt, og at dei tre delane måtte henge logisk saman. Ein modell som viser denne tredelinga og spenningsutviklinga i dramaet, kan sjå slik ut:

Modell som viser korleis spenningskurva i eit drama gradvis stig mot eit klimaks, før ho fell mot ei løysing og avslutning . Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har sikkert sett liknande illustrasjonar før, kanskje med andre namn på dei ulike delane av kurva. Det kjem av at modellen er aktuell for folk som jobbar innanfor ulike fagområde, til dømes film, drama og forteljande dikting, og alle fagområda har sin eigen fagterminologi.

Byrjinga: presentasjon

Den første delen av eit drama blir kalla opning eller presentasjon. I denne delen blir vi sette inn i tid og stad, i bakgrunnen og ønska til personane, og vi forstår kva som er grunnlaget for den komande konflikten. Innleiinga har òg som formål å gjere oss engasjerte i den vidare skjebnen til personane.

Midtdelen: utdjuping og opptrapping

I midtdelen blir situasjonen og konflikten utdjupa, og så skyt handlinga fart. Hovudpersonen møter hindringar og opplever truslar som tvingar han eller ho til å handle, med det resultatet at konflikten blir trappa opp og spenninga aukar. Innimellom kan det sjå ut som om hovudpersonen klarer å avverje farane som lurer, men det er alltid berre inntil vidare. Opptrappinga er den mest omfattande delen av dramaet.

Slutten: klimaks og avtoning

I sluttdelen når spenninga raskt eit høgdepunkt eller klimaks, og så finn konflikten ei løysing. Tragedien endar ofte med katastrofe, og då ikkje sjeldan med at helten går under eller døyr. Den siste delen av dramaet kallar vi avtoning (eller avrunding). Dramaet sluttar gjerne med at dei overlevande blir forsona og drar lærdom av det som har hendt. I komedien finn konflikten ei lykkeleg løysing, og harmonien som var trua, blir retta opp igjen.

Vendepunkt

I alle dramaa finn vi hendingar som sørgjer for at handlinga tek ei ny, ofte uventa retning, såkalla vendepunkt. Vendepunkt kan vere spenningstoppar, men òg tilsynelatande udramatiske hendingar som kan vere avgjerande for korleis handlinga utviklar seg.

Somme gonger finn vi eitt enkelt avgjerande vendepunkt der skjebnen til helten snur frå lykke til ulykke eller omvendt. Andre gonger kan situasjonen skifte mellom håp og fortviling fleire gonger, noko som skaper ekstra spenning.

Eit døme er Henrik Ibsen sitt drama Et dukkehjem. Der kjem handlinga til eit avgjerande vendepunkt når mannen til Nora, Helmer, les eit brev som avslører at Nora har forfalska underskrifta til far sin for å kunne ta opp eit banklån. Nora gjorde dette i løynd for å finansiere eit kuropphald som redda livet til Helmer, og ho har spart på hushaldspengane i fleire år for å betale tilbake lånet.

Nora har vore klar over at avsløringa måtte kome, men ho har likevel heile tida hatt eit håp om at Helmer ville verdsetje offeret hennar og forsvare kona si overfor omverda. Men Helmer tenkjer berre på skandalen som avsløringa uunngåeleg vil føre til, og han fordømmer handlemåten hennar. Nora innser no at Helmer ikkje er den mannen ho trudde han var, og ho tek konsekvensane av denne innsikta.

Modell og røyndom

Alle modellar gjer røyndomen enklare enn han eigentleg er. Det gjeld òg for illustrasjonen vi har brukt på denne sida. Men nettopp fordi dei forenklar, kan modellane gjere det lettare for deg å oppdage og forstå samanhengar. Du kjem sikkert til å lese eller sjå mange drama og filmar som følgjer den tradisjonelle dramaturgimodellen, i alle fall i store trekk. Pass likevel på: Manusforfattarar kan grunnoppskriftene sine, men dei elskar å variere!

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting