Hopp til innhald

Fagstoff

Handlinga i dramaet

Det vi får sjå i eit teaterstykke eller ein film er ikkje heile historia, men utvalde personar, scenar og hendingar.
Scene fra filmen "Romeo og Julie" der Romeo møter Julie for første gang på en fest hos familien Capulet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plott

Det vi får sjå i eit teaterstykke eller ein film er ikkje heile historia, men utvalde personar, scenar og hendingar. Dei utvalde hendingane blir sette saman slik at vi ser ein logisk samanheng mellom dei. Denne samanhengande rekkja av hendingar kallar vi plott eller handlingsgang.

Døme

I Shakespeare sitt drama Romeo og Julie snik Romeo og venene hans seg inn på ein fest hos foreldra til Julie, herr og fru Capulet. Dette er ei dumdristig handling, for det er fiendskap mellom familien til Romeo og Capulet-slekta. På denne festen møter Romeo Julie for første gong. Men fetteren til Julie, Tybalt, kjenner igjen Romeo og sver hemn for at han har vore så uforskamma.

I denne scenen ligg kimen til både lykke og ulykke for hovudpersonane: Dei blir hovudstups forelska i kvarandre, og etter dette kjem dei til å gjere alt for å kunne vere saman. Men Tybalt gir ikkje opp hemnplanane sine, og når han seinare møter Romeo igjen, kjem det til ein konflikt som endar med at Romeo drep Tybalt. Konsekvensen er at Romeo blir bortvist frå byen, han og Julie blir skilde frå kvarandre og det blir umogleg for Julie å fortelje foreldra at ho i løynd har gifta seg med Romeo.

Dramaturgi

Måten plottet er bygd på kallar vi òg dramaturgi. Plottet kan byggjast på ulikt vis, og det finst ulike modellar eller mønster. I dag bruker vi ordet dramaturgi ikkje berre i teatersamanheng, men generelt om det å byggje opp ei spenningskurve i alle slags tekstar, i film og fjernsyn, til og med i musikken.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting