Øving
Jobb med to scenebilete
Scenebilete 1 frå Et dukkehjem
På biletet over ser du ekteparet Nora og Thorvald Helmer i Ibsen sitt drama Et dukkehjem.
- Kva held han på med, og kva gjer ho?
- Sjå nærare på lenestolen Helmer sit i. Ser han dyr eller billeg ut? Moderne eller tradisjonell?
- Beskriv korleis dei to er kledde, og korleis dei ser ut. Kva fortel kleda om den sosiale statusen deira?
- Kva tid på året går handlinga føre seg?
- Skaper lyssetjinga eit varmt eller kjølig inntrykk?
- Korleis vil du karakterisere stemninga i dette biletet?
Scenebilete 2 frå Et dukkehjem
Sjå på biletet nedanfor og svar på spørsmåla.
- Igjen ser du dei same personane, i det same rommet, men no er det konflikt mellom Nora og Thorvald. Korleis veit vi kven som kjem med skuldingar, og kven som får skuldingar retta mot seg?
- Korleis vil du karakterisere kleda til Nora og Thorvald? Kvar kan dei ha vore tidlegare denne kvelden?
- Korleis understrekar rekvisittbruken at det er ufred i huset?