Hopp til innhald

Fagstoff

Handlinga i "Romeo og Julie"

Ei detaljert oversikt over handlingsgangen i Shakespeares drama Romeo og Julie.
De døde skikkelsene til Romeo og Julie omgitt av voksne. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Akt 1

Prolog:

Prologen er eit dikt som veldig kort samanfattar handlinga som kjem til å utspele seg på scenen. Det blir avslørt at dramaet vil handle om to unge elskande frå fornemme hus i Verona. Dei vil måtte betale med livet for kjærleiken sin på grunn av gamalt hat mellom familiane deira. Men døden til dei to unge vil få familiane deira til å leggje ned den gamle konflikten.

Scene 1: ei gate

Staden er Verona. Vi får vite om feiden mellom dei to slektene Capulet og Montague. To grupper ungdomar frå desse familiane møter kvarandre på gata og begynner straks å eggje kvarandre til kamp.

Kjeklinga blir stoppa når fyrsten av Verona kjem til. Både han og dei andre borgarane i byen er leie av den endelause krangelen mellom dei to familiane. No krev fyrsten at valden må ta slutt med det same, og dersom nokon bryt gatefreden i byen på nytt, skal det koste dei livet.

Scene 2: ei gate

Paris, ein ung adelsmann og slektning av fyrsten, kjem saman med herr Capulet og ein tenar. Paris har bedt Capulet om å få gifte seg med Julie. Han spør om faren til Julie har tenkt over frieriet hans. Capulet svarer at han godt kan tenkje seg Paris som svigerson, men at Julie er for ung – berre 13 år – og at ho ikkje skal gifte seg før ho er 15.

Romeo og venen hans Benvolio finn ut at det skal vere ein fest (eit maskeball) hos familien Capulet same kvelden. Romeo er forelska i ei jente som heiter Rosalind og som tilhøyrer Capulet-slekta. Derfor overtaler venene Romeo til å bli med dei og møte opp på festen, slik at han kan få eit glimt av jenta han elskar.

Scene 3: eit rom i huset til familien Capulet

Mora fortel Julie at Paris har bedt om å få gifte seg med henne. Paris er eit "godt parti" på alle måtar, ein ung, sympatisk og høvisk mann av god familie som elskar Julie, og han vil kome på festen om kvelden.

Scene 4: på gata

Romeo, Benvolio og Mercutio er på veg til maskeradefesten hos familien Capulet. Romeo er ikkje i feststemning. Han fortel venene om ein draum han har hatt. Han har drøymt at denne festen er starten på noko som vil ende med at han døyr. Mercutio prøver å muntre han opp og avfeiar draumar som fantasifoster og falskneri. Romeo blir ikkje overtydd, men seier han overlèt det til Gud å styre skjebnen hans. Dei tre går på festen.

Scene 5: på festen hos familien Capulet

Fetteren til Julie, Tybalt, oppdagar at Romeo er på festen og vil ha han kasta ut, men herr Capulet ber han roe seg ned. Capulet synest Romeo ter seg som ein adelsmann og vil ikkje at han skal bli fornærma i huset hans. Tybalt gjer som han får beskjed om der og då, men han er så sint at han forlèt festen, og sver å hemne det han ser på som ein grov provokasjon frå Romeo si side.

Rosalind er gløymd i den augneblinken Romeo får auge på Julie. Det er kjærleik ved første blikk. Men begge blir skaka når dei får vite kven den andre er – dei veit at kjærleiken mellom dei er umogleg.

Akt 2

Prolog

Andre akt opnar òg med eit kort forteljande innslag. Det er eit resymé av handlinga så langt, i diktform.

Scene 1: på gata

Denne scenen er ein slags kvilepause for publikum. Venene til Romeo leitar etter Romeo, men finn han ikkje. Dei trur han er på jakt etter Rosalind og gjer litt narr av han og forelskinga hans. Dei har ikkje fått med seg kva som skjedde mellom Romeo og Julie på festen.

Scene 2: i hagen til familien Capulet – Julie på balkongen

Denne scenen blir òg kalla balkongscenen. Romeo snik seg inn i hagen hos familien Capulet og oppdagar Julie på balkongen. Dei to stadfestar kjærleiken sin for kvarandre. Julie føreslår at dei skal gifte seg i løynd dagen etter, og at ho etter det skal følgje han kvar han vil i verda. Ho vil sende bod på Romeo klokka ni neste dag.

Scene 3: hos broder Lorenzo, grytidleg

Romeo har vore vaken og gått ute i gatene heile natta. Han oppsøkjer skriftefaren sin, broder Lorenzo, og fortel om Julie. Han ber Lorenzo om å vie dei i løynd. Fader Lorenzo går med på denne planen fordi han håper at giftarmålet kan medverke til å få ein slutt på feiden mellom dei to familiane.

Scene 4: ei gate

Benvolio og Mercutio, venene til Romeo, ventar på Romeo. Tybal har sendt eit brev til familien Montague – han utfordrar Romeo til duell. Når Romeo kjem, ertar venene han med Rosalind, og så dukkar amma til Julie opp. Venene får ikkje fortalt Romeo om brevet frå Tybalt, og Romeo seier ingenting om at det ikkje er Rosalind han har besøkt i natt.

Amma til Julie ber om å få snakke med Romeo aleine. Romeo sender bod med henne: Julie skal finne eit påskot for å gå til skriftemål hos broder Lorenzo same dag, og så skal Lorenzo vie dei rett etter skriftemålet.

Scene 5: hos Julie

Amma formidlar beskjeden frå Romeo.

Scene 6: hos broder Lorenzo

Broder Lorenzo vier Romeo og Julie.

Akt 3

Scene 1: på gata

Benvolio og Mercutio møter Tybalt og følgjet hans på gata, og dei begynner med det same å krangle med kvarandre. Så kjem Romeo, og Tybalt utfordrar han til duell. Romeo nektar å slåst, for gjennom giftarmålet med Julie er han no i familie med Tybalt.

Kameratane til Romeo, som ikkje veit noko om forholdet Romeo har til Julie, oppfattar handlemåten til Romeo som feig, og venen til Romeo, Mercutio, utfordrar Tybalt til kamp i staden. Dei begynner å slåst, og då Romeo prøver å få Mercutio til å stoppe, treffer Tybalt Mercutio med sverdet. Mercutio vert dødeleg såra, og Tybalt og venene hans flyktar.

Romeo er opprørt over dette, og når Tybalt kjem tilbake, utfordrar Romeo han til kamp og drep han for å hemne vennen. Benvolio bønnfell Romeo om å flykte fordi han risikerer å miste livet på grunn av drapet. Romeo drar.

Så kjem fleire frå familiane Capulet og Montague til. Fyrsten får høyre kva som har skjedd og viser Romeo vekk frå byen. Viser han seg i Verona igjen, vil han bli drepen.

Scene 2: rommet til Julie

Amma fortel Julie at Romeo har drepe Tybalt, og at han er blitt forvist. Julie er frå seg av sorg, og amma lovar at ho skal hente Romeo slik at Julie kan få ta avskjed med han. Romeo har gøymt seg hos broder Lorenzo medan han ventar på dommen frå fyrsten.

Scene 3: hos broder Lorenzo

Broder Lorenzo fortel Romeo at han ikkje er blitt idømd dødsstraff, men forvising frå Verona. For Romeo er dette verre enn døden fordi det tyder at han må forlate Julie. Broder Lorenzo iretteset Romeo: Han har vore heldig trass alt, det er Tybalt som er død og ikkje Romeo, og han har berre fått forvising for det han har gjort.

Broder Lorenzo råder Romeo til å dra til Mantua (ein by fire mil sør for Verona) og vente der til situasjonen har roa seg. Han meiner det er håp om at familiane kan bli forsona, at giftarmålet mellom Romeo og Julie blir kjent, og at Romeo blir benåda.

Så kjem amma til Julie og ber Romeo komme til Julie for å trøyste henne og ta avskjed.

Scene 4: hos familien Capulet

Faren til Julie trur den djupe sorga til Julie berre gjeld fetteren Tybalt. Han synest ikkje det er bra for Julie å gi etter for sorga si i så stor grad. Derfor føreslår han for Paris at Julie skal gifte seg med han førstkommande torsdag. Capulet er sikker på at Julie vil gjere som han seier. Paris elskar Julie og vil meir enn gjerne gifte seg med henne med det same.

Scene 5: rommet til Julie

Romeo er hos Julie, men må forlate henne ved morgongry. Så kjem mora til Julie og fortel henne kva faren har bestemt. Julie seier ho ikkje vil gifte seg enno. Då kjem faren til Julie òg, og han blir svært sint når han høyrer at Julie ikkje vil føye seg. Han truar med å kaste henne ut av huset dersom ho nektar å gifte seg med Paris, som er ein god mann og eit godt parti på alle moglege måtar.

Amma råder Julie til å gifte seg med Paris, noko som gjer Julie sint. Ho bestemmer seg for at ho ikkje lenger skal tru seg til amma. Julie seier ho vil gå til skriftemål hos broder Lorenzo. Ho har tenkt å be han om hjelp. Finst det inga moglegheit til å unngå giftarmålet og møte Romeo att, er ho villig til å døy.

Akt 4

Scene 1: hos broder Lorenzo

Paris kjem til Lorenzo og spør om han kan vie han og Julie på torsdag. Julie kjem òg til og ber om å få skrifte. Når Julie er aleine med Lorenzo, ber ho om hjelp – ho er villig til å døy om det ikkje finst nokon utveg.

Broder Lorenzo lagar ein desperat plan: Julie skal late som om ho aksepterer at ho skal bli gift med Paris, men kvelden før bryllaupet skal ho ta ein eliksir som set henne i ein dødsliknande tilstand i 42 timar. Når folk trur ho er død, vil ho bli gravlagd i familiekrypten, og der kan Romeo snike seg inn og hente henne. Lorenzo skal sende broder Johannes, ein annan munk, av garde med eit brev til Romeo og fortelje om planen.

Scene 2: hos familien Capulet

Julie kjem heim og ber faren sin om tilgjeving. Ho seier at ho vil gifte seg med Paris, og foreldra blir svært glade for det.

Scene 3: rommet til Julie

Julie ber om å få vere aleine om kvelden. Ho tømmer drikken ho har fått av Lorenzo og fell i ein dødsliknande søvn.

Scene 4: hos familien Capulet

Bryllaupsførebuingane er i full gang heile natta. Denne scenen er igjen ein "kvileepisode" for publikum, med innslag av komikk.

Scene 5: rommet til Julie

Amma og familien finn Julie. Dei trur ho er død, og når Paris kjem, får han same beskjed. Bryllaupsfesten har blitt til gravferd. Scenen sluttar likevel med eit komisk innslag: Musikarane som var hyrte inn for å spele i bryllaupet, skjønner at det må andre songar til no; dei kranglar med tenaren til Capulet-familien og er elles mest opptekne av å få maten sin.

Akt 5

Scene 1: Mantua, ein by fire mil sør for Verona

Romeo er i Mantua og ventar på nytt frå broder Lorenzo. Tenaren til Romeo, Baltasar, kjem og fortel at Julie er funnen død og er blitt gravlagd i familiegravstaden. Romeo bestemmer seg for å ta sitt eige liv. Han kjøper gift hos ein apotekar og legg i veg til Verona, til grava til Julie. Undervegs fortel Baltasar at Julie skulle vore gifta bort til Paris same dag som ho blei funnen død.

Scene 2: hos broder Lorenzo

Broder Johannes er tilbake hos broder Lorenzo. Han fortel at han ikkje har kome seg av garde i det heile. Han skulle hatt med seg ein annan munk på turen til Mantua. Denne munken stelte til dagleg med sjuke menneske, og då Johannes var innom han, blei huset forsegla fordi vaktene hadde mistanke om at alt og alle som var der, skulle vere infiserte av pest. Dei ville heller ikkje gi Johannes lov til å vidaresende brevet han hadde med seg.

Derfor har ikkje broder Johannes fått levert brevet til Romeo. Lorenzo forstår at dette kan ha katastrofale følgjer. Han vil derfor sjølv gå til gravkammeret til Capulet-familien, hente Julie og gøyme henne i klosteret.

Scene 3: familiekrypten til Capulet-slekta

Paris besøkjer grava til Julie for å sørgje over henne aleine. Pasjen hans ventar eit stykke unna. Så kjem Romeo og Baltasar med ei hakke og andre reiskapar. Romeo sender Baltasar bort med eit brev som Baltasar skal gi til faren til Romeo, og prøver å opne grava.

Paris, på linje med alle andre, gir Romeo skulda for at Julie er død. Han meiner at ho døydde av sorg over Tybalt, og at Romeo har kome til gravstaden for å vanære dei døde. Derfor krev han at Romeo overgir seg.

Romeo prøver å unngå kamp og ber Paris om å forlate krypten, men Paris gir seg ikkje. Dei to slåst, og Paris blir drepen. Han ber om å bli gravlagd hos Julie, noko Romeo lovar. Romeo oppdagar så at han har drepe ein slektning av sin eigen ven, Mercutio. Han veit at Paris er den som Julie etter ønske frå foreldra skulle ha gifta seg med, og han føler slektskap med han: Dei er begge forfølgde av ulykke.

Romeo opnar grava for å sjå Julie ein siste gong, og han undrar seg over at ho kan sjå så levande og vakker ut sjølv i døden – så tømmer han gifta. Broder Lorenzo kjem for seint. No vaknar Julie, med både Romeo og Paris liggjande døde ved sida av seg. Broder Lorenzo prøver å få Julie med seg før vakta kjem, men Julie nektar. Ho tek livet sitt med ein dolk.

Etter dette kjem vaktene, fyrsten, herr og fru Capulet, herr Montague og fleire. Broder Lorenzo fortel kva som har hendt. Romeo sitt brev stadfestar det han seier. I tillegg har pasjen til Paris sett det som skjedde. Døden til dei unge fører til at dei to familieoverhovuda Capulet og Montague innser at feiden dei imellom berre fører ulykke over dei sjølve og andre, og dei sluttar fred med kvarandre.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting