Hopp til innhald

Norsk (SF vg1)

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Skjønnlitteratur

Skjønnlitteratur er fiksjon, det vil seie litteratur som er oppdikta. Frå gamalt av deler vi inn skjønnlitterære tekstar i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar.

Dramatisk dikting

Eit drama er ein skjønnlitterær tekst som er skriven for framføring på ein scene. Dramamanuskriptet dannar grunnlaget for ein filmproduksjon eller ei teaterframsyning, der ikkje berre orda, men òg lyssetjing, lyd, musikk, sminke, kostyme og scenebilete speler ei viktig rolle.

Læringsressursar

Dramatisk dikting