Hopp til innhald

Fagstoff

Tre moderne dramaturgitypar

På 1900-talet skjedde det ein god del på dramaturgifronten. Les om episk dramaturgi, absurd dramaturgi og performance-dramaturgi.
Scene i Tolvskillingsoperaen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Episk dramaturgi

Den tyske dramatikaren Bertolt Brecht (1898–1956) skreiv samfunnskritiske drama og ville tvinge publikum til å reflektere over det dei fekk sjå på scenen. Derfor brukte han medvite ulike grep som skulle hindre publikum i å leve seg for sterkt inn i personane og handlinga. Teaterstykka hans skulle appellere til forstanden meir enn til kjenslene.

I stykka til Brecht kan skodespelarane til dømes gå ut av rolla si og vende seg direkte til publikumet, dei kan kommentere handlinga eller fortelje om hendingar som ikkje blir viste på scenen. Handlinga blir gjerne framstilt episodisk, og episodane blir "limte saman" på ulike måtar, til dømes med songnummer eller ved at skodespelarane ber rundt tavler med informasjon til publikum.

Omgrepet episk dramaturgi viser til at grepa Brecht bruker eigentleg er typiske for episk (forteljande) dikting. Brecht er ikkje den første dramatikaren som bruker denne typen verkemiddel, men det er han som har perfeksjonert denne forma for dramaturgi.

Absurd dramaturgi

Absurd teater er ei retning innanfor moderne teater som oppstod i Frankrike på 1950-talet. I eit absurd drama finst inga tradisjonell spenningskurve og heller ingen konflikt som blir løyst på slutten. Handlinga kan like gjerne slutte der ho starta. Målet for denne teaterforma var å vise – ofte gjennom humor – at livet er absurd, det vil seie utan meining.

Scene fra dramaet "Vente på Godot" som viser de to hovedpersonene, landstrykerne Vladimir og Estragon, sittende på en stein.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit typisk døme på eit absurd drama er skodespelet Vente på Godot (1952) av Samuel Beckett. I dette stykket møter vi to landstrykarar, Vladimir og Estragon. Dei står ved sida av eit tre og ventar og ventar – på ein person ved namn Godot. Kven Godot eigentleg er, og kvifor dei to ventar på han, får vi aldri ordentleg vite. Det er heller ikkje vesentleg for stykket. Det viktige er samtalane mellom dei to karakterane og ventinga i seg sjølv. Det finst inga utvikling i handlinga og ingen forløysande slutt. Godot kjem aldri, og Vladimir og Estragon blir der dei er, sjølv om dei meir og meir tviler på om det er noka meining i å halde fram med ventinga.

Performance-dramaturgi

Performance er ei kunstform der teksten er sidestilt med andre typar uttrykk som dans, musikk og bilete. Heller ikkje her finst noka spenningskurve eller handlingsutvikling. Likevel kan ein performance ha eit overordna tema som blir belyst på ulike måtar.

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting