Hopp til innhald

Fagstoff

Konflikt

Drama tyder "sterk handling". Då må det finnast ein konflikt – eller til og med fleire!
Scene fra Ibsens drama Brand, med skuespillerne Sven Nordin og Maria Bonnevie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingen konflikt – ikkje noko drama

Kva handlar eit drama om? Det må vere noko som er verdt å fortelje om, noko som engasjerer oss og som vi synest er spennande. Engasjerte blir vi når vi møter dramatiske personar som vi kan kjenne oss igjen i, og spenning får vi når desse personane møter utfordringar eller hamnar i konfliktar og vi får sjå korleis dei prøver å løyse dei. Vil dei lykkast eller mislykkast?

Konfliktar kan oppstå på mange måtar. For eksempel kan ytre forhold som intrigar, forviklingar og lovbrot skape problem for personane. Dei kan ende opp i ein interessekonflikt med andre eller bli stilte overfor eit vanskeleg verdival. Dei kan kome i eit motsetningsforhold til enkeltpersonar, samfunnet, naturen, skjebnen eller gudane – eller kanskje må dei kjempe ein indre kamp med seg sjølv.

Døme

Dramaet Romeo og Julie av William Shakespeare handlar om to unge menneske som blir forelska i kvarandre. Familiane deira har lege i blodig konflikt med kvarandre i generasjonar, og derfor er eit ekteskap mellom dei to elskande utenkjeleg.

Kjærleiken mellom Romeo og Julie er så sterk at dei to likevel prøver å overvinne hindringane som omgivnadene har lagt i vegen for dei. Ein kan seie at dei vel kjærleiken og gløymer lojaliteten til foreldra og slekta. Men om dei to hadde handla slik samfunnet venta av dei, ville det rett og slett vore heilt uinteressant for oss å høyre om!

Evig aktuell?

Historia om Romeo og Julie har fascinert publikum i over fire hundre år.

Kampscene fra musikalen "West Side Story". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leonard Bernsteins musikal West Side Story frå 1957 er ei moderne utgåve av Romeo og Julie. Bernstein plasserte handlinga i eit gjengmiljø i New York. Musikalen vart filmatisert i 1961, og scenen ovanfor viser ein kamp mellom dei to rivaliserande gjengane "The Jets" og "The Sharks".

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting