Hopp til innhald

Fagstoff

Dramamanuskriptet

Eit dramamanuskript kan samanliknast med musikknotar: Akkurat som notane blir til musikk først idet dei blir spelte, får dramamanuskriptet liv i den augneblinken teksten blir framført på scenen!
Manuskript. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eitt manuskript – to tekstar

Dramateksten er manuskriptet som dannar grunnlaget for ei teaterframsyning. Manuskriptet (manuset) består eigentleg av to tekstar, hovudteksten og sideteksten. Hovudteksten er replikkane, altså det personane i dramaet seier, mens sideteksten er dei ulike scene- og regitilvisingane som dramaforfattaren legg inn i manuset. I eksempelet nedanfor er sideteksten markert med kursiv:

Scene 1

Eirin og Camilla sitter på kafé. De er begge 17 år og går andre året på videregående skole.

EIRIN (spakt): Jeg har vært utro.

CAMILLA (litt for høyt): Hæ? Med hvem?

EIRIN (lavmælt og litt irritert): Hysj! Spiller ingen rolle det, vel. (Fortvilet) Men det skjedde, og jeg kan ikke få det ugjort. Benjamin kommer til å bli helt knust om han får vite det.

( ... )

Frå sketsjen Dårlig spøk av Helene Guåker

Det er frå replikkane vi får den viktigaste informasjonen om karaktertrekka til rollepersonane og om forholdet deira til omgivnadene. Men replikkane er meir enn ord – stemmebruk og kroppsspråk er heilt avgjerande for korleis vi tolkar det som blir sagt.

Dialog og monolog

Hovudteksten i eit drama kallar vi òg dramadialogen fordi denne teksten først og fremst er ein samtale mellom to eller fleire personar. Eit drama kan i tillegg innehalde monologar (einetale), det vil seie lengre sekvensar der berre éin person taler. Oftast er denne personen då aleine på scenen. I monologen får vi gjerne litt meir innblikk i kjensle- og tankeverda til rollepersonen.

Scenetilvisingar

Scenetilvisingane i manuskriptet gir oss viktige opplysningar om kvar og når handlinga speler seg ut, og korleis scenerommet skal sjå ut. I tillegg kan dei seie noko om korleis rollepersonane går kledde, korleis dei bruker stemma, gestar, mimikk og så vidare.

Kor mykje sidetekst eit drama har, kan variere veldig. Somme drama har nesten ikkje sidetekst. Det gir regissøren stor fridom når dramaet skal setjast i scene. Andre dramatikarar igjen kan lage svært omfattande scenetilvisingar. I Henrik Ibsens drama til dømes finn vi detaljerte scenetilvisingar fordi elementa i scenerommet ofte har ein tilsikta symbolsk funksjon.

Regissøren bestemmer

Regissøren eller sceneinstruktøren set dramaet i scene. Han eller ho vel å presentere historia for oss på sin måte, slik at eitt og same teaterstykke kan bli framført og oppfatta på ulike vis.

Regissør Tyra Tønnesen og skuespiller Øystein Røger som spiller rockeulven i dramaet Rockeulven. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting