Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dramatiser manuset Dårleg spøk

Gruppeoppgåve til teksten Dårleg spøk av Helene Guåker.
Helene Guåker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dramatiseringsoppgåve

De skal no dramatisere manuset Dårleg spøk av Helene Guåker. Stykket er ein kort sketsj som krev fire skodespelarar, to jenter og to gutar. Ein av gutane har ei rolle som er utan replikkar.

Manuset er eit utgangspunkt for dramatiseringa. Bruk gjerne eigen dialekt i replikkane, og legg til nokre fleire replikkar dersom de vil ha ei verkeleg dramatisk avslutning. Kva kjem til å skje? Vil Benjamin slå opp med Eirin? Blir det forsoning? Eller kjem det andre overraskingar?

Last ned og skriv ut manuset: Manus til sketsjen Dårleg spøk.

Filer

Dårleg spøk

Scene 1: Eirin og Camilla sit på kafé. Dei er begge 17 år og går andre året på vidaregåande. Eirin har vore saman med kjærasten sin i eit halvt år.

Eirin (spakt): Eg har vore utru.

Camilla (litt for høgt): Hæ? Med kven?

Eirin (lågmælt og irritert): Hysj! (fortvilt) Speler inga rolle det, vel. Men det skjedde, og eg kan ikkje få gjort noko med det no. Benjamin kjem til å bli heilt knust om han får vite det.

Camilla: Har du ikkje tenkt å seie noko?

Eirin: Nei, aldri i verda. For det første vil han hate meg, for det andre kjem han til å bli dritlei seg, for det tredje kjem det til å bli slutt. Og det vil eg ikkje.

Camilla: Kvifor gjorde du det, då?

Eirin: Eg veit ikkje, eg var full, og han andre var så frampå og klengen.

Inn på kafeen kjem ein gut, han ser på Eirin og smiler prøvande mens han nikkar til henne. Ho raudnar, og Camilla forstår alt.

Camilla (med høg kviskrestemme): Var det han?

Eirin: Du seier det ikkje til nokon, og hald kjeft no, elles skjønner han at vi snakkar om han.

Camilla: Tsj, det trur eg han veit allereie. Dessutan ser eg at du liker han.

Eirin: Nei, slutt no. Det er Benjamin eg vil ha, det er jo han eg er forelska i.

Camilla (lettare irritert): Då fattar eg ikkje at du klarte å rote med nokon andre, men det er no ei anna sak.

Eirin (snurt): Nei, for du er vel Mor Teresa, du, som aldri har gjort noko gale.

Camilla: Dette får du finne ut av sjølv. Eg må stikke. Du vil vel kanskje snakke med loverboyen her, du?

Eirin: Det vil eg absolutt ikkje, seriøst, ikkje la meg bli aleine her, då blir eg jo nøydd til å snakke med han.

Camilla: Men så kom, då.

Scene 2: Benjamin og Eirin sit på ein benk i parken.

Eirin: Det er fint her, så stille.

Benjamin (heilt alvorleg): Eg har vore utru …

Det bilr stille ei lita stund.

Eirin (oppriktig lei seg): Det har eg òg … på laurdag. Eg meinte det ikkje. Eg var så full, og han var så innpåsliten. Eg angrar sånn.

Benjamin (sint): Hæ? Eg berre kødda eg, altså. Men det gjorde tydelegvis ikkje du …

Copyright © Helene Guåker. Publisert med tillating frå forfattaren.

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting