Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Personskildring

Sentralt i både episk og dramatisk dikting står dei litterære personane. Talet på personar i ei forteljing kan variere mykje, men det er som regel færre personar i korte tekstar som noveller og eventyr enn i større verk som romanar og ættesoger.

Direkte personskildring

I episk dikting kan vi skilje mellom to typar personskildring: direkte og indirekte. Når personar blir skildra direkte, kommenterer forteljaren utsjånad og eigenskapar ope. Slik blir til dømes hobbitane skildra i innleiinga i J. R. R. Tolkiens bok Hobbiten frå 1937:

Hobbitene er (eller var) et lite folk, omtrent halvparten så høye som oss, og mindre enn de skjeggete dvergene. Hobbiter har ikke skjegg. Det er lite eller ingenting av trolldom ved dem, bortsett fra den vanlige hverdagslige sorten som hjelper dem å forsvinne stille og raskt når svære, dumme folk som deg eller meg kommer tumlende fram og bråker som elefanter så de kan høre det en fjerdingmil unna. De (...) har lange, flinke, brune fingrer, godmodige ansikter og ler dypt og fyldig (særlig etter middag, som de spiser to ganger om dagen så sant de kan).

Indirekte personskildring

I tillegg til den direkte personkarakteristikken kan forteljaren påverke oppfatninga vår av personane på indirekte vis. Forteljaren formidlar kva personane seier, korleis dei handlar, kanskje òg kva dei tenker, og får oss til å trekke våre eigne slutningar om dei. Som oftast finn vi ei blanding av direkte og indirekte person-skildring i episke tekstar.

I større verk bruker forfattaren av og til innslag av andre sjangrar for å fortelje noko om personane i handlinga. Døme på dette er kvad i islendingesogene, dagboktekstar og brev i romanar og songar i skodespel.

Typar og enkeltpersonar

Personskildringa kan variere frå forfattar til forfattar, frå stilperiode til stilperiode og frå sjanger til sjanger. I eventyr til dømes er gjerne roller og ytre handling langt viktigare enn individuelle eigenskapar hos personane. Personane er derfor berre veldig enkle typar.

I romanar derimot kan vi møte svært samansette karakterar; særleg kan hovudpersonen vere breitt skildra. Ein slik samansett hovudperson møter vi til dømes i romanen Sult av Knut Hamsun. I denne boka er skildringa av det indre livet til hovudpersonen mykje viktigare enn den ytre handlinga.

Persongalleri

Like interessant som skildringa av den enkelte personen er måten eit persongalleri er sett saman på, og forholdet dei forskjellige personane har til kvarandre.

Personar kan ha ulike funksjonar i eit verk. Dei kan setje i gang ei handling, stå mot kvarandre i konfliktar, og dei kan utgjere både parallellar og kontrastar. Personar, handling og tematikk er ofte knytte saman på den måten at ulike personar representerer ulike haldningar og verdisett.

Nokre fleire nyttige omgrep

karakter
eit anna ord for "person i ein litterær tekst"
hovudperson
personen som vi får vite mest om og som til vanleg står sentralt i handlinga
biperson
person som får mindre plass og merksemd, men som alltid har ein klar funksjon i teksten
dynamisk karakter
ein person som utviklar og endrar seg på grunn av det han eller ho opplever
statisk karakter
ein person som fortset å vere slik han eller ho alltid har vore

Kjelde

Tolkien, J.R.R. (1972). Hobbiten, eller Fram og tilbake igjen (N. I. Agøy, overs.). Tiden Norsk Forlag. (Opphavleg utgitt 1937).

Relatert innhald

Skrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist oppdatert 19.05.2026