Korleis lage personskildringar? - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis lage personskildringar?

Unngå tørre, kjedelege og flate karakterar i tekstane dine. Her lærer du korleis du skal få fiktive personar til å bli truverdige – og det er inga skam å la seg inspirere av nokon du kjenner.

Oppgåve 1. Direkte personskildring

  1. Les den direkte personskildringa av ættesagahelten Gunnlaug Ormstunge under. Her kommenterer forteljaren ope både utsjånaden og eigenskapane til Gunnlaug.
  2. Prøv å lage ei direkte personskildring av nokon du kjenner godt. Du skal beskrive både utsjånaden og eigenskapar denne personen har. Ver gjerne endå meir detaljert enn forfattaren av Soga om Gunnlaug Ormstunge.

Direkte personskildring av Gunnlaug Ormstunge

"Så er sagt om Gunnlaug at han var tidleg vaksen og stor og sterk, og hadde ljosebrunt hår som fall vent. Han var svartøygd, med litt stygg nase, men hadde eit tiltalande andlet, var midjesmal og herdebrei, uvanleg velvaksen, storlåten i heile sitt huglynde, tidleg framfus, strid og hard i alt, ein stor skald, men laga gjerne nidviser og vart kalla Gunnlaug Ormstunge."

Oppgåve 2. Indirekte personskildring

Når ein karakter blir skildra indirekte, beskriv forfattaren personen slik at vi som lesarar sjølve må tenkje oss til korleis denne personen er. Dette kan kome til uttrykk gjennom til dømes replikkar, handlingar, tankar, utsjånad, kroppsspråk og ansiktsuttrykk.

  1. Les teksten "To venninner på kafé" som du finn under.
  2. Korleis vil du beskrive "ho-personen"?
  3. Korleis kjem eigenskapane hennar til syne gjennom, replikkar, handlingar, utsjånad, kroppsspråk og ansiktsuttrykk?
  4. Lag ein indirekte personkarakteristikk av ein karakter sjølv. Du kan skrive om ein fiktiv figur eller beskrive nokon du kjenner. Hugs at målet er å få fram korleis karakteren er utan at du seier det direkte. Du skal vise korleis karakteren er, ikkje fortelje det ("show, don't tel").
  5. I grupper (eller par): Les personskildringane for kvarandre. Når ein av dykk les personskildringa si, skal dei andre diskutere kva inntrykk dei får av denne karakteren. Lykkast du med å få fram det du ville?

To venninner på kafé

– Og så fortalde han meg at han syntest eg var fantastisk, sa ho for tredje gong på ein time. – Han har berre falle heilt pladask for meg! Ho gliste og blunka kokett med kostane ho hadde over auga.

– Men han har vel kjærast, eller ...? sa eg forsiktig.

– Ja ja, but is he happy ...? gapte ho, og dei botoxfylte kjempeleppene bretta seg over dei kunstig kvite tennene. Det blei ein sjeldan pause i ordflaumen. Ho kikka over til nabobordet der det sat eit par gutar. Blikket hennar blei verande medan ho trekte genseren nedover skuldrene slik at sprekken mellom brysta blei endå lengre.

– Eh ... kremta eg. – Men eg må fortelje deg noko ... Aslak ... Han gjorde det slu...

– Vil du ha litt meir å ete? Eg trur eg tek meg eit kakestykke til.

– Han fortalde nemleg at ...

Ho famla etter mobilen og opna Snapchat. Fingrane glei vane over tastaturet. Så heldt ho skjermen opp mot ansiktet medan munnen truta seg for dagens fjortande selfie. Då ho granska biletet nærare, smilte ho tilfreds, skreiv noko og la det ut slik at alle kunne sjå det.

– Det er berre så utruleg kjipt, sa eg.

– Mmm ... Sjå! No har han sendt meg nakenbilete!

Dynamiske og statiske karakterar

Vi skil mellom statiske og dynamiske karakterar i noveller, drama og romanar. Statiske karakterar endrar seg ikkje, medan dynamiske karakterar utviklar og forandrar seg på grunn av det dei opplever.

Viss du vil skrive ein tekst der hovudpersonen din går gjennom ei utvikling, er den indirekte personskildringa ein framifrå metode til å vise dette. Om du skriv til lesaren din at "Så slutta Maren å vere sjølvoppteken, men blei full av medkjensle og empati", overlet du for lite til fantasien til lesaren. Det er om å gjere å få fram denne utviklinga indirekte. Då skaper du tankeverksemd hos lesaren din.

Oppgåve 3. Møt ein dynamisk karakter

I novella "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson møter vi ein dynamisk karakter: hovudpersonen Tord. Han er ein stolt storbonde på bygda i Noreg på 1800-talet. Novella består av fire møte med presten i bygda: først då Tord skal døype sonen sin, deretter då sonen skal konfirmerast, så då sonen skal giftast bort. Det siste møtet går føre seg eitt år etter at sonen har døydd i ei drukningsulykke.

Les gjennom utdraga.

Tord er altså ein dynamisk karakter. Kva utvikling vil du seie han går gjennom i løpet av dei fire møta med presten?

Korleis viser utviklinga seg i:

  • replikkane? Samanlikn replikkane i dei tre første møta med dei i det siste.
  • kroppsspråket? Samanlikn måten han kjem inn på prestekontoret på i det tredje og det fjerde møtet.
  • utsjånaden? Samanlikn skildringa av utsjånaden i møte éin, to og fire.

Møte 1: Tord skal døype sonen sin.

"Den mann hvorom her skal fortelles, var den mektigste i sitt prestegjeld; han het Tord Øverås. Han stod en dag i prestens kontor, høy og alvorlig; "Jeg har fått en sønn," sa han, "og vil ha ham over dåpen." – "Hva skal han hete?" – "Finn etter far min." – "Og fadderne?" – De ble nevnt og var da av bygdens beste menn og kvinner av mannens slekt. "Er det ellers noe?" spurte presten, han så opp. Bonden stod litt; "jeg vil gjerne ha ham døpt for seg selv," sa han."

Møte 2: Tord skal konfirmere sonen sin.

"Seksten år etter den dag stod Tord i prestens stue. "Du holder deg godt, du Tord," sa presten, han så ingen forandring på ham. "Jeg har heller ingen sorger,"svarte Tord."

Møte 3: Tord skal gifte bort sonen sin.

"Atter løp åtte år hen, og så hørtes det støy en dag foran prestens kontor; ti mange mann kom, og Tord først. Presten så opp og kjente ham: "Du kommer mannsterk i kveld." – "Jeg vil begjære lysning for sønnen min; han skal giftes med Karen Storlien, datter av Gudmund, som her står."– "Dette er jo bygdens rikeste jente." – "De sier så," svarte bonden."

Kort tid etter dette møtet druknar sonen. Han er ute på ein rotur med faren sin og fell i vatnet. Tord klarer ikkje redde han. Det går eitt år, då møter vi Tord igjen: No kjem han til presten for å gi bort halve formuen sin til kyrkja.

Møte 4: Tord gir bort pengar til kyrkja eitt år etter at sonen er død.

"Det kunne vel være gått et år hen siden hin dag. Da hører presten sent en høstkveld noen rusle ved døren ute i forstuen og famle varsomt med låsen. Presten åpnet døren, og inn trådte en høy foroverbøyet mann, mager og hvit av hår. [...] "Nå tenker jeg at sønnen din endelig er blitt deg til velsignelse." – "Ja, nå tenker jeg det også selv," sa Tord, han så opp, og to tårer rant tunge ned over hans ansikt."

Oppgåve 4. Lag ein dynamisk karakter

I denne oppgåva skal du ikkje skrive ein ferdig tekst, men lausrivne setningar som kunne ha vore sitat i ei novelle.

Målet er å skrive replikkar og skildringar av utsjånad, kroppsspråk og handling som viser at karakteren har gått gjennom ei forandring. Legg merke til ordet "viser". Du skal vise dette, ikkje fortelje det til lesaren din.

Alternativ 1: Lag din eigen karakter, og bestem deg for kva slags forandring denne skal gå gjennom.

Alternativ 2: Den sjølvopptekne og utsjånadfikserte jenta i samtalen lengre oppe på sida har plutseleg blitt meir lydhøyr og audmjuk etter at eg-personen nekta å vere saman med henne meir. Beskriv henne slik ho er som ein "ny" person.

Alternativ 3: La deg inspirere av ein dei fiktive karakterane under:

  • Kåre (77) er ein gammal grinebitar som helst vil sitje i godstolen sin og høyre på P1 i fred. Etter å ha hatt eit kort og intenst forhold til Gunvor (50), som no er over, blir han heilt yr. No vil han helst ut på dans og flørte med damene.
  • Mats (16) er klovnen i klassen og blæs i skulen. Etter å ha overstige fråværsgrensa og kjent på eit liv utan noko å gjere, vender han tilbake til skulebenken fast bestemd på å få eit vitnemål.
  • Lena (18) elskar å shoppe, fly til Syden og forstår ikkje alt maset om global oppvarming. På ein togtur støyter ho på Greta Thunberg. Etter møtet bestemmer ho seg for å ta eit oppgjer med levesettet som ho har arva av dei uansvarlege foreldra sine.
  • Eskil (55) har alltid vore full av liv og ein populær kar i bygda. Då kona finn ein ny mann, utviklar han seg til å bli eit slemt nettroll som hetsar alle damer som stikk seg ut på nettet.

Etter at de er ferdige, bør de lese det de har skrive for kvarandre i par eller grupper. Gi kvarandre tilbakemelding på minst fire–fem setningar som de synest er gode. Grunngi kvifor akkurat desse setningane får fram karakterutviklinga godt.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kunsten å skrive variert

Det er viktig å bruke eit variert språk når du skriv kreativt. Denne oppgåva viser kvifor det er viktig. Her er det lov til å bruke synonymordbok.

Kjelde

Gunnlaug Ormstunge. (2018, 09. juni). I Wikipedia. Henta 29. mai 2020 frå http://heimskringla.no/index.php?title=Sagaen_om_Gunlaug_Ormstunge&oldid=47211

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019