Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forteljar og synsvinkel

Oppgåve 1

Kan du fagomgrepa?

Prinsesse Märtha Louise står på en scene og forteller for barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. La oss seie at prinsesse Märtha Louise, som du ser på biletet ovanfor, fortel H.C. Andersen sitt eventyr om den stygge andungen til barna. Kven er då forfattaren, og kven er forteljaren?
  2. Dersom Märtha Louise hadde fortalt eit eventyr ho har skrive sjølv, kva ville ho då vore?
    • Forfattar
    • Forteljar
    • Både forfattar og forteljar
  3. Forklar kva vi meiner med førstepersons- og tredjepersonsforteljing.
  4. Kva er skilnaden mellom ein personal og ein autoral forteljar?
  5. Forklar kort omgrepet synsvinkel.
  6. Kva meiner vi med intern og ekstern synsvinkel?

Oppgåve 2

No skal du prøve deg på å skrive same episode med to ulike synsvinklar. Vel ei av oppgåvene under:

  • Skriv ein kort tekst (to gonger) der du skildrar ein episode frå ein fotballkamp. Det kan til dømes vere ein person som skårar det beste målet sitt nokosinne, ei rå takling eller ein kjempetabbe som fører til at motstandarlaget skårar. Du skal først skrive teksten med personal forteljar med intern synsvinkel, deretter med autoral forteljar med ekstern synsvinkel.
  • Skriv ein kort tekst (to gonger) som fortel om ein episode der ein gut slår opp med ei jente medan dei sit på ein kafe. Du skal først bruke autoral forteljar med intern synsvinkel, deretter autoral forteljar med allvitande synsvinkel.

Les teksten din høgt for ein annan i klassen. Diskuter kva val av forteljar og synsvinkel gjer med teksten

Oppgåve 3

Les tekstutdraget nedanfor og avgjer:

  1. Er dette ei førstepersons- eller ei tredjepersonsforteljing?
  2. Er forteljaren autoral eller personal?
  3. Finn døme på bruk av intern og ekstern synsvinkel i teksten.

Frank var ferdig med frokosten klokka halv seks. Han reiste seg fra kjøkkenbordet så stolen veltet. Lyden av stolen som falt, gav gjenklang i hele første etasje, men han trodde ikke kattene ville bli skremt. Han tenkte for seg selv at de nok var ute på jakt uansett, så det gjorde ikke noe at lyden var høy. Likevel så han seg bekymret rundt. Han gikk over til ett av de to lange kjøkkenskapene, bøyde seg sakte ned til nederste hylle der hvor kattematboksene sto. De fylte hele hylla, og han hadde enda flere. Nede i kjelleren hadde han trettito bokser til. Han håpet de ikke hadde gått ut på dato, for han ville ikke likt å måtte dra til butikken alt nå. Ifølge kalenderen som han hadde hengende ved siden av skapet, var det fortsatt kattemat igjen for to uker. Han krysset av hver dag. Nå satte han et rødt, skjevt kryss over dagens dato. Det var en tirsdag.

(Frå novella "Frank og kattene" av Thomas J.R. Marthinsen)

Oppgåve 3

Les novelleutdraget nedanfor.

  1. Er dette ei førstepersons- eller ei tredjepersons-forteljing?
  2. Er forteljaren autoral eller personal?
  3. Kvar ligg synsvinkelen?
  4. Skriv om avsnittet slik at synsvinkelen ligg hos den elleveårige jenta eller hos faren. Kva for informasjon frå originalteksten mistar vi, kva for informasjon får vi i staden?

Nilsen lå og vrinska i sagflisa. Ankelen sto i en stygg vinkel i forhold til resten av beinet og salen hadde sklidd, slik at du nå kunne sitte på sida av gampen. På vommen. Uten at det nødvendigvis hadde gitt så mye framdrift. Søstera mi sto og hylgrein. Helt hysterisk. Jeg hadde lyst til å klappe til 'a, men turte ikke, så jeg ble stående med henda i lomma på kamuflasjebuksa. Fattern sto med telefonen trøkt opptil øret og prøvde å overtale dyrlegen til å komme fort som faen. – Denna hesten har det ikke godt, prøvde han seg. – Denna hesten må avlives! Hadde jeg hatt patroner skulle jeg gjort det sjøl, fortsatte han, og glemte tydeligvis den 11-årige dattera si som sto ved sida av og bælja.

(Frå novella "Nilsen" av Lasse Fosshaug)

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting