Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk karakterar i tekstar

Gjennom litteratur og film kan vi leve oss inn i ulike
personar. Kva er det med desse karakterane som fasinerer oss? Kva betyding har dei hatt i si eiga samtid, og korleis kan vi identifisere oss med dei i dag?
Jente ser seg sjølv i spegelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innleving i karakterar

Gjennom alle tider har vi menneske latt oss underhalde og søkt meining og trøyst i forteljingar. Vi identifiserer oss gjerne med personar vi blir kjende med gjennom film og litteratur. Sjølv om dei lever andre liv, kan vi kjenne oss igjen i sorger, gleder og utfordringar dei møter. Vi kan få empati for personane og føle at vi gjennomlever det same som dei. Somme karakterar set spor og gir oss erfaringar som vi tek med oss vidare.

Diskuter i grupper

Kva knyter de til desse karakterane?

  • Gunnlaug Ormstunge frå sagalitteraturen

  • Oskeladden frå folkeeventyra

  • Nora frå Ibsens skodespel "Et dukkehjem"

  • Batman frå teikneseriar og filmar

  • Gollum frå bøkene og filmane om "Ringenes Herre"

Oppgåve 1. Utforsk og studer ein eller fleire karakterar

I filmklippa under får du ein kort presentasjon av fem kjende karakterar. Vel ein eller fleire av dei og set deg inn i kva karaktertrekk dei har. Du må bruke fleire kjelder for å finne ut meir om personlegdommane.

Oppgåve 2. Skriv ein personkarakteristikk

Kva uttrykkjer personen i teksten? Når du skal analysere litteratur eller film, bør du undersøkje korleis personane blir framstilte i teksten og kva funksjon dei har.

Jobb vidare med karakteren du valde i oppgåve 1 og skriv ein personkarakteristikk. Då skal du presentere personen og bruke svara frå oppgåve 1 til å skrive ein objektiv og samanhengande tekst.

Oppgåve 3. Samanlikn to karakterar

Det å samanlikne tekstar er ein viktig del av norskfaget. I denne oppgåva konsentrerer vi oss om personskildringa.

Vel to karakterar frå oppgåve 1 eller samanlikn ein av dei med ein karakter du kjenner frå før. Då kan du velje ein karakter som fasinerer deg i ei valfri bok, ein serie eller ein film.

Bruk spørsmåla i oppgåve 1 som eit utgangspunkt for å undersøkje likskapar og forskjellar mellom karakterane. Formuler svaret ditt i ein samanhengande tekst.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Episk dikting