Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Regi

Oppgåve 1

Les novella "Regi" av Odny Bjordal.

Relatert innhald

Novelle om barn som mobbar.

Oppgåve 2

Analysespørsmål til novella "Regi" av Odny Bjordal

Handling og konflikt

  • Gi eit resymé av handlinga. Bruk ikkje meir enn fem setningar.
  • Gjer kort greie for konflikten i novella. Kven er i konflikt med kven?

Personar (karakterar)

  • Kven er hovudpersonen i forteljinga?
  • Finst det andre viktige personar?
  • Korleis er maktforholdet mellom personane? Kven har overordna og underordna roller?
  • Kven blir "helten" i historia?
  • Er det nokon av personane som endrar seg, som gjer noko uventa?
  • Korleis tolkar du den siste setninga i teksten?
  • Gi nokre døme på direkte og indirekte personkarakteristikk i teksten.

Forteljarstemma

  • Er novella "Regi" ei første- eller tredjepersonsforteljing?
  • Kven er forteljaren i historia?
  • Kva kan vere grunnen til at forfattaren har valt denne personen som forteljar?
  • Kan vi stole på at denne forteljaren gir ein objektiv versjon av hendingane? Kvifor (ikkje)?

Komposisjon

  • Kva slags innleiing har forfattaren valt?
  • Kor stor del av teksten utgjer tilbakeblikka til forteljaren?
  • Kva hending er både spenningstoppen og vendepunktet i forteljinga?
  • Kor lang er slutten?

Miljøskildring

  • Forfattaren er sparsam med opplysningar om stad og miljø. Finn du opplysningar i teksten som kan tyde på at handlinga går føre seg i Noreg?
  • Finst det opplysningar som peiker mot at personane bur på landet? Eller er det mest sannsynleg at handlinga går føre seg i ein by?

Tema og bodskap

  • Kva er temaet i denne novella?
  • Kva slags bodskap les du ut av denne teksten?
Hent fram ordforklaringar

Resymé

Eit resymé er eit veldig kort samandrag av handlinga.

Personskildring

Vi skil gjerne mellom statiske og dynamiske karakterar i ein tekst.

Dynamiske karakterar er personar som utviklar og forandrar seg i løpet av handlinga. Statiske karakterar forandrar seg ikkje.

Forfattaren kan beskrive ein person direkte for oss, til dømes ved å bruke karakteriserande adjektiv, eller indirekte gjennom det vedkommande sjølv gjer, seier eller tenkjer.

Frampeik og tilbakeblikk

I forteljingar finn vi ofte hint om korleis handlinga kjem til å utvikle seg. Slike hint eller varsel kallar vi frampeik.

Svært vanleg er også tilbakeblikk. Gjennom tilbakeblikk får vi vite om tidlegare hendingar som hjelper oss å forstå handlinga og personane.

Miljøskildring

Forfattaren kan bruke miljøskildringa til ulike formål.

Miljøskildringa kan til dømes skape ei truverdig ramme rundt personar og handling, byggje opp eller forsterke ei stemning i teksten, eller ha symbolsk tyding.

Tema

Emnet eller problemet som teksten belyser, kallar vi for temaet i teksten.

Bodskap

Også skjønnlitterære tekstar påverkar oss.

Nokre gonger finn vi ein klar moralsk eller politisk bodskap i ein tekst. Andre gonger er forfattaren kanskje meir oppteken av å skildre personar som ikkje utan vidare lèt seg plassere blant heltane eller skurkane.

Men alle tekstane vi les, vil seie oss noko – og det er nettopp derfor vi les dei.

Oppgåve 3

Skriv forteljinga "Regi" sett med auga til ein av desse personane:

  • Morten
  • Angela
  • mor til eg-personen
To gutar som mobbar ei jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Episk dikting