Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøskildring

Med miljø i skjønnlitterære tekstar meiner vi både det sosiale miljøet som personane høyrer heime i, og omgivnadene der handlinga går føre seg.
Bjørn Sundquist, Anders Baasmo Christiansen og Liv Ullmann i Lang dags ferd mot natt av Eugene O'Neill på Riksteatret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tid, stad og miljø

I ein analyse av miljøet kan det til dømes vere naturleg å seie noko om

  • tidsperioden handlinga er lagd til
  • sosiale forhold og arbeidsliv
  • naturgeografiske omgivnader
  • interiør

Nokre gonger blir miljøet presentert innleiingsvis i eit verk, og det kan vere breitt og detaljert skildra slik at vi tydeleg ser det for oss. Andre gonger er miljøskildringa svært knapp, og vi må sjølve danne oss eit bilete av omgivnadene. I enkelte sjangrar, som til dømes eventyr, finst det omtrent inga miljøskildring fordi handlinga er så viktig at alt anna må vike.

Formålet med miljøskildringa

Kva slags funksjon miljøskildringa har i ein tekst, varierer. I naturalistisk litteratur til dømes får miljøskildringa ganske mykje plass, og omgivnadene er gjerne skildra ned til minste detalj. Dei naturalistiske forfattarane skreiv etter eit ideal om å gi att røyndommen så nøyaktig og objektivt som mogleg, blant anna for at framstillinga skulle verke mest mogleg truverdig.

Albertine i politilegens venteværelse. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symbolsk tyding

I såkalla nyromantisk litteratur tek skildringar av naturen ofte stor plass. I slike tekstar kan naturen og naturfenomen bli oppfatta som eit bilete på menneskesinnet. Vi kan seie at det ytre landskapet speglar eit indre, psykologisk landskap.

Kystlandskap i tåke. Foto.

Rom og interiør kan òg ha ei symbolsk tyding. I novella ”En gang må være den første” (1992) av Lars Saabye Christensen møter vi to unge gutar som drikk seg fulle for første gong. Det heile går føre seg i eit rotete kjellerrom. Hendinga blir ein nedtur for hovudpersonane, og opphaldet i kjellaren kan tolkast som eit symbol på den mørke og kaosprega sinnstilstanden deira.

Novella ”Mennesker på kafé” (1983) av Kjell Askildsen handlar om ein eldre mann som sit på ein kafé full av folk. Her fungerer omgivnadene som ein kontrast til det mannen tenkjer og føler: På ein plass som eigentleg er meint som ein sosial møtestad, går det opp for den gamle mannen at han er svært einsam – midt blant alle menneska.

Fleire miljø i ei forteljing

Ofte blir vi som lesarar presenterte for fleire ulike miljø i eit verk. Dei ulike miljøa kan både kontrastere og belyse kvarandre.

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting