Hopp til innhald

Fagstoff

Motiv, tema og bodskap

Omgrepa motiv, tema og bodskap kan av og til vere vanskelege å skilje frå kvarandre. Alle tre kan gi svar på spørsmålet: Kva handlar denne teksten om? Likevel har omgrepa forskjellig innhald.
Far og datter holder rundt hverandre. Faren med snauklipt hode, og med ryggen til. Dattera med ansiktet mot betrakteren. Hun har lyst hår og blå øyne og ser alvorlig ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motiv

Med motiv meiner vi det ein tekst handlar om på det ytre, konkrete planet. Samanliknar vi ein tekst med eit fotografi, er motivet det vi kan sjå på biletet: ein situasjon, ei oppleving eller eit inntrykk som kan danne utgangspunkt for ei forteljing eller eit dikt. Fotografiet ovanfor viser ein vaksen mann og eit barn som held rundt kvarandre, kanskje far og dotter. Dette er eit motiv som vi også finn i novella "Jeg biter det i meg" av Vidar Kvalshaug. Mor har døydd i ei bilulykke, og novella skildrar ein samtale mellom far og dotter om nettopp mor.

Forfattarar kombinerer til vanleg fleire motiv, ikkje minst i lengre forteljingar. I Ingvar Ambjørnsen sine bøker om Elling er forholdet mellom mor og son eitt viktig motiv, Ellings venskap med Kjell Bjarne eit anna og Ellings noko spesielle forhold til røynda eit tredje.

Tema

Med tema meiner vi det ein tekst handlar om på eit djupare plan. Vi kan til dømes seie at temaet i novella "Jeg biter det i meg” er å leve med tap og sorg, og at samtalen mellom far og barn viser oss korleis både vaksne og barn strevar med sorga og arbeider med ho på kvar sin måte. Vi tolkar då det vi les som eit døme på noko meir allment, og det er dette allmenne bak den konkrete forteljinga som vi kallar for tema.

Hjemløs person som sitter på en benk i et bymiljø og som har med seg alle eiendelene sine på ei tralle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I fotografiet ovanfor er motivet ein person som lever på gata og som har med seg alle eigendelane sine på ei tralle. Vi tenkjer kanskje at denne personen må ha eit trist og vanskeleg liv, men vi kan i tillegg oppfatte personen som ein representant for heimlause menneske i velståande vestlege land. Då set vi biletet inn i ein større samanheng og knyter det til tema som fattigdom og heimløyse.

Bodskap

Ein tekst er alltid skriven av ein grunn. Eit debattinnlegg skal overtyde, eit kampdikt skal eggje, ein hyllesttale skal glede, og ei forteljing skal underhalde og vekkje ettertanke. Men ikkje alle tekstar har som oppgåve å formidle eintydige og direkte bodskapar til lesaren. Særleg skjønnlitterære tekstar er til vanleg skrivne slik at dei er opne for ulike tolkingar. Det kan derfor vere meir formålstenleg å snakke om temaet eller tematikken i skjønnlitterære tekstar enn om bodskapen. Med tematikk meiner vi måten forfattaren framstiller og utviklar temaet på.

Vi kan likevel godt bruke omgrepet bodskap dersom vi synest det er på sin plass. Til dømes har mykje av den samfunnskritiske litteraturen ein tydeleg bodskap. Det er ingen tvil om at lyrikaren Arnulf Øverland ville åtvare mot fascismen i Europa då han skreiv diktet "Du må ikke sove" i 1937. Han hadde ein tydeleg bodskap han ønskte å formidle til lesarane sine.

Bodskapen i novella ”Jeg biter det i meg” kan i grunnen ikkje formulerast kortare enn slik: "Når far eller mor i familien døyr, må den gjenlevande forelderen hjelpe barnet med å arbeide med sorga. Samtidig må forelderen bere mykje av si eiga sorg åleine og "bite i seg" ein del tankar og minne. Dette kan opplevast som veldig vanskeleg." Dersom det er umogleg å uttrykkje bodskapen i ein tekst med ei kort setning, er det eit ganske sikkert teikn på at det er meir formålstenleg å snakke om tematikken i teksten enn om bodskapen.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting