Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk ei dystopisk novelle

Novella "Dagens fangst sprellende i nebbet" handlar om ei kvinne som lever ein eller annen gong i framtida.

I denne oppgåva skal de stort sett jobbe i grupper. Men somme av oppgåvene krev at de jobbar aleine før de skal diskutere saman.

Del 1: Dystopisjangeren

Novella du skal lese, er ein såkalla "dystopi". Diskuter i grupper. Dersom det er nokon spørsmål de ikkje kan svaret på, så kan de gjerne lese SNL sine sider om dystopiar og lomvi.

  1. Veit nokon kva ein dystopi er?
  2. Har de sett eller lest nokon dystopiar tidlegare?
  3. Kva er ein lomvi, og korleis ser han ut?

Del 2: Les novella

Les novella to gonger. Den andre gongen du les, skal du notere ned spørsmål til teksten. Det kan vere noko hovudpersonen gjer som du ikkje heilt forstår, setningar som går igjen, eller anna du legg merke til i teksten.

Del 3: Men kvifor ...?

  1. Skriv ned eitt spørsmål til novella på eit ark eller på PC-en. Vel ut noko du synest er sentralt for å kunne forstå novella best mogleg.
  2. Send arket/dokumentet rundt i gruppa. Alle deltakarane skal skrive ned noko på lappen. De kan anten prøve å svare på spørsmålet eller lage nye spørsmål.
  3. Når spørsmålet kjem tilbake til den som skreiv det, skal de diskutere alle spørsmåla og svara i gruppa. Kjem de nærare ei felles forståing av teksten?

Del 4: Fullfør setningane

Jobb først aleine: Fullfør setningane under skriftleg. Samanlikn deretter setningane dykkar i gruppa.

  1. Eg trur hovudpersonen er så oppteken av fuglar fordi ...
  2. Eg synest hovudpersonen verkar ...
  3. Samanlikna med samfunnet vårt verkar samfunnet novella skildrar ...
  4. Eg trur det forfattaren av novella vil fortelje lesaren, er at ...

Del 5: Avslutninga

Diskuter det siste avsnittet i teksten. Kva kan dette bety?

Siv stormer over til vinduet. Postdronene beveger seg inn og ut av mottakskanalene. Kretser, går inn for landing, letter, flyr, mens vinden grafser og griper etter de blanke metallkroppene. Dykker, flerrer lufta. Stiger triumferende opp med dagens fangst sprellende i nebbet.

Del 6: Kva vil novella seie oss?

  1. Les novella ein gong til.
  2. Diskuter i grupper eller skriv aleine: Kva er det denne novella vil seie oss? Grunngi ved å trekkje ut minst to sitat frå novella som du/de meiner er viktige.
  3. Meiner de det dystopiske samfunnet hovudpersonen lever i, er truverdig? Kvifor (ikkje)?

Del 7: Skriveoppdrag

No får gruppa tre skriveoppdrag. Vel om de vil jobbe aleine eller i par. Kvart skriveoppdrag tek for seg eit verkemiddel i novella. Målet er at de skal skrive eitt avsnitt om dette verkemiddelet og vise korleis det får fram temaet i teksten.

Sjå gjerne den relaterte artikkelen nedst for tips om korleis de byggjer opp avsnitt.

Skriveoppdrag 1: Kontrast

Samanlikn dei to sitata fra novella under. Begge skildaer eit måltid. Det første er måltidet til lomvien, det andre til Siv. Konsentrer deg om ordvalet i skildringa av dei to ulike måltidene:

Ungene skriker etter mat, og får dele fisken mor har med til dem. De flerrer skinnet, river og sliter i kjøttet.

Siv ber om påfyll av vin, leiligheten advarer og foreslår en alkoholfri variant. Siv ber om druesaft.

Tips

Sjå på verba. Lomvibarna "skriker", "flerrer", "river" og "sliter", medan Siv "ber om" og leiligheita "foreslår". Kva for effekt har dette ordvalet?

Skriveoppdrag 2: Bokstavrim og innrim

Finn du bokstavrima i sitata under? Kva funksjon meiner du desse har i teksten?

Vinden river i vingespennene deres som i spente seil, de legger seg opp mot den, utnytter krafta til å komme seg dit de selv vil.

Fra fjellveggen skrikes det på flere fuglespråk. Hver fugl har sin egen faste fjellhylle, hver familie fisker for seg. Til sammen blir de tusen fuglene en yrende by.

Tips

Les gjerne utdraget høgt. Legg ekstra vekt på dei orda som startar med same konsonant eller har ein vokal som går igjen. Korleis synest du fuglelivet framstår her? Samanlikn gjerne med teksten like etterpå i novella.

Skrivoppdrag 3. Tanke- og handlingsreferat

I sitata under skildrar handlingsreferatet livet til Siv i leilegheita, medan tankereferatet beskriv draumane hennar. Samanlikn språket i dei to ulike sitata. Korleis får det fram temaet?

Resten av dagen forløper som normalt. To gode arbeidsøkter ved hjemmekontoret. Middag med Sonja. Kvelds med Tormod og Vigdis fra Reykjavik. Fine samtaler om kunst og mote i det tjueførste århundre. (...)

Hundrevis av sterke klør griper om rekkverk, utspring og takrenner, hundrevis av fjærkledde vinger løfter den gamle villaen til værs. Stiger, stiger, flyr, flyr av sted. På vei til et annet sted.

Tips
  1. Sjå på teiknsetjinga og kva det gjer med lengda på setningane.
  2. Legg merke til ordvalet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2020

Læringsressursar

Episk dikting