Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Slutten

Oppgåve 1

Les eller lytt til forteljinga "Slutten" av Joakim Hunnes og jobb deretter med spørsmåla:

  1. Beskriv forholdet mellom hovudpersonen Joakim og jenta. Kva for eit dilemma opplever han?
  2. Hovudpersonen skriv på ei historie som liknar veldig på den røynda han opplever, og han har funne ut kva slags slutt han skal skrive. Korleis blir denne slutten, trur du? Kan du finne hint i teksten som peiker i den eine eller andre retninga?

Oppgåve 2

Skriv slutten på forteljinga slik du trur hovudpersonen har tenkt seg at han skal vere – eller slik du synest han burde vore!

Relatert innhald

Novelle om eit forhold. Og om ein som skriv.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting