Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein diskurs?

Korleis kan vi bruke diskursomgrepet til å forstå tekst i kontekst? Lær om korleis tekstar formar forståinga vår av eit tema.

Før du les vidare

Kor mange tekstar som på ein eller annan måte framstiller forholdet mellom kjønna, kan du komme på? (bilete, film, skjønnlitterære tekstar, sakprosatekstar osb.)

Del gjerne med ein medelev.

Diskursomgrepet

Orda diskurs kan i daglegtalen brukast synonymt med "samtale". I samfunns- og språkvitskapen i dag blir diskursomgrepet som oftast brukt om tekst i kontekst. Det er denne tydinga av diskurs vi skal sjå nærare på her.

Svarte silhuettfigurar på ei vippestong som blir halde oppe av peikefingeren på ei hand. På venstre side av stonga står ein person ved ein talarstol med mikrofon, på høgre sida står ei gruppe menneske med plakatar og knyttnevar i vêret. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskursen seier noko om korleis vi tenkjer om eit tema

Diskurs er mønster i måten vi snakkar og skriv om verda på. Mønstera legg føringar på kva vi kan seie om noko, korleis vi snakkar om det, og kven som snakkar. Desse mønstera tvingar fram ein versjon av sanning eller røyndomsoppfatning framfor andre måtar å sjå verda på.

Døme

I diskursen som dominerer i norsk offentlegheit i dag om likestilling, vil det bryte med mønstera om du seier at kvinner bør halde seg heime, om du er kritisk til kvinner si evne til å fylle nokon arbeidsoppgåver, og om du bruker nedsetjande ord om kvinner i mannsdominerte yrke.

Nokre teoretikarar tek utgangspunkt i at diskursar også omfattar handlingar og objekt som er med på å skape meining.

Døme

Viss vi held oss til diskursen om likestilling, vil det at det ikkje finst arbeidsklede og utstyr som er tilpassa kvinneleg anatomi, vere eit døme på korleis handlingar og objekt kan reknast som ein del av diskursen.

Eit kvardagsleg omgrep som kan brukast for å forstå diskursomgrepet, er tankegang. I ein debatt om likestilling vil alle tekstar som tek for seg temaet, leggje føringar på korleis vi snakkar og tenkjer om det. I Noreg kan vi kanskje seie at tankegangen som pregar debatten om likestilling, er at kvinner og menn er likestilte.

Døme

Når ein prest i Den norske kyrkja ikkje vil jobbe saman med kvinnelege prestar, bryt han med føringane som diskursen legg på korleis vi tenkjer om likestilling i Noreg. Det skaper reaksjonar, noko du kan sjå eit døme på i artikkelen "Vikarprest kan få sparken om han ikkje vil jobbe med kvinner" på NRK.

For å skjøne kvifor det skaper slike reaksjonar, må du kjenne til diskursen om kvinner i kyrkja i Noreg. I dag er det ikkje lenger uvanleg at kvinner er prestar, og ei av årsakene til det er at Ingrid Bjerkås på 60-talet deltok i debatten med synspunkt som braut med eksisterande verdiar i diskursen på den tida.

Ingrid Bjerkås i prestekjole og biskop Kristian Schjelderup i embetsdrakt. Dei smiler til kvarandre og tar kvarandre i handa. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over / diskuter

Kva ulike måtar snakkar ein om likestilling på i dei fellesskapa du er deltakar i?

Kva slags ulike oppfatningar av likestilling ligg bak desse?

Korleis påverkar desse ulike måtane å omtale likestilling på oss, trur du?

Teksten både formar og blir forma av konteksten

Teoriar om diskurs peiker på at tekstar oppstår i ein bestemt kulturell og sosial kontekst, men tekstane kan også påverke desse kontekstane. Diskursane produserer kunnskap som formar den sosiale røyndommen.

Møter du til dømes berre tekstar om likestilling som har som haldning at kvinner og menn skal vere likestilte, blir du tvinga til å snakke og handle innanfor desse diskursane. Det skal mykje til at du bryt med all kunnskap og det du har lært før om emnet, når du bidreg til likestillingsdiskursen. Dermed blir mønstera gjentekne til dei blir så sterke at dei blir oppfatta som naturlege og objektive, som det vi kallar "common sense" eller tek for gitt.

Haldninga di til likestilling er mellom anna påverka av det du lærer på skulen. Skulen er ein viktig institusjon som formidlar haldningar som er nedsette i offisielle læreplanar. Måten skulen er organisert på, er forma av den rådande diskursen om likestilling, samtidig som han er med på å forsterke han. Fram til 70-80-talet var det til dømes vanleg at jentene hadde tekstil, mens gutane hadde sløyd.

Hand som broderer blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men det er ikkje berre skulen som formar haldningane dine. Dei blir også påverka av alle tekstar som på ein eller annan måte framstiller kjønn, som bloggar, videoar og TV-seriar.

Diskursar endrar seg

Studerer du tekstar om likestilling i Noreg, og samanliknar dei med tekstar frå ei anna tid eller frå ein annan del av verda, vil du sjå at både tankegangen og tekstane om temaet er ulike.

Tenk over

Kva slags tekstar om rollene til kvinner og menn i samfunnet møtte dei som levde på 1800-talet?

Kva haldningar spegla desse tekstane?

Kva for gruppe sine interesser vart fremja gjennom diskursen?

To kvinner som held ei fane med teksten "lønna arbeid til alle kvinner, husarbeid til alle menn". Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kamp om makt

Diskursane blir brukte av ulike grupper til å kjempe for sine interesser, og vi seier at det går føre seg diskursive kampar om kven sine røyndomsbilete som får dominere. Når ein diskurs har "vunne" denne kampen og vorte den dominerande måten å omtale verda på, seier vi at han får . Det betyr at nokre kulturelle oppfatningar og verdiar får makt framfor andre. Diskursar kan bidra til å stadfeste maktrelasjonar, eller utfordre dei.

Tenk over

Kva for diskursive kampar finst det om likestilling i Noreg i dag?

Kan du kome på tekstar som utfordrar maktrelasjonen mellom kjønna?

Har nokon meir makt enn andre til å definere kva likestilling er?

Dette betyr ikkje at diskursar handlar om synspunkt. Ein diskurs kan nemleg også innehalde motsetningsfylte utsegner som beveger seg innanfor den same ramma for kva som er naturleg og blir teke for gitt, kva som kan seiast, og kva som ikkje er akseptert.

Tatovert mann i bar overkropp som heklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ideologiar

Ein viktig bakgrunn for maktkampen i samfunnet er Dette er bestemde verdiar og førestillingar som er felles for ei gruppe menneske. Nokre ideologiar er eksplisitte, slik som og . Maktkampen mellom desse ser vi svært tydeleg i politikken, der høgre- og venstresida har kvar sin ideologiske ståstad. Andre ideologiar er ikkje like tydelege og formelt definerte. , , feminisme og er døme på slike (Svennevig, 2020).

Kvinneleg elektrikar. Foto.

Desse ideologiane kan vi finne igjen i måtar å beskrive røyndommen på. Ein feminist og ein anti-feminist vil velje ganske ulike ord for å beskrive eit fenomen som kjønnskvotering, til dømes. Samtidig vil begge aktørane leggje fram sitt syn som naturleg, og framheve svært ulike verdiar og sider ved saka.

Kritisk diskursanalyse kan avsløre ideologi og makt

Ideologien eller maktforholda som ligg bak diskursane, er ikkje alltid like lette å sjå fordi desse måtane å omtale røyndommen på verkar naturlege eller objektive. Derfor er målet med diskursanalysen å avsløre ideologiar og maktrelasjonar som ligg bak måtar å omtale verda på, slik at du kan ta stilling til dei.

Tenk over / diskuter

Kva slags ulike ideologiar ligg bak desse ordvala?

  • hore

  • laus

  • pyse

  • mammagut

Diskursanalyse

Ved å studere konkrete tekstar og sjå på samfunnskonteksten dei oppstod i, kan vi avdekkje mønstera, eller tankegangen, som ligg til grunn for tekstane. Konteksten er alt det som gir orda meining, slik som situasjonen, institusjonen og kulturen teksten oppstod i.

Ei slik undersøking blir kalla diskursanalyse. Ho kan gjerast på mange ulike måtar, med fokus på ulike sider ved teksten og konteksten. I grove trekk handlar diskursanalyse om å analysere teksten slik du gjer i ein retorisk analyse, der språk og språkbruk er viktig. Analyse av ordval, metaforar, verdilading og til og med grammatiske trekk som aktive og passive verbformer kan seie noko om verdigrunnlaget for teksten.

I tillegg skal du sjå på den kulturelle og samfunnsmessige konteksten som ein tekst inngår i. Ein diskursanalyse går altså endå lengre i analysen av konteksten enn ein retorisk analyse gjer. Litt forenkla kan vi seie at ein diskursanalyse ser på kulturelle og sosiale faktorar som påverkar den retoriske situasjonen.

Korleis avgrense det du skal analysere?

Det er mange måtar å avgrense ein diskursanalyse på, men det enklaste kan vere å sjå på eit bestemt tema, og korleis det blir omtalt av bestemde aktørar.

Desse ulike diskursane kan overlappe kvarandre, dei kan ha ein sameksistens der dei ikkje er i konflikt med kvarandre, eller dei kan stå i skarp motsetning til kvarandre.

Døme på sameksistens

Eit syn på kvinna som ein betre omsorgsperson enn mannen lever i mange tilfelle side om side med førestillinga om kjønna som likestilte.

Døme på diskursar som kjem i konflikt

Ein diskurs der kvinna har sin plass i heimen og ikkje i arbeidslivet, er døme på ein diskurs som står i skarp kontrast til den rådande likestillingsdiskursen.

Når du tek for deg eit bestemt tema, omtalt av bestemde aktørar, har du definert det du skal analysere. Det er innanfor dette feltet du vil finne ulike diskursar. Dømet vi har brukt i denne artikkelen, er henta frå likestillingsdiskursen. Du kan då til dømes skilje ut og sjå spesielt på diskursen knytt til kvinner i mannsdominerte yrke.

Kjelder

Fairclough, N. (1993). Critical Discourse Analysis and the Marketization of Public Discourse: The Universities. Discourse and Society 4(2), 133–168.

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm akademisk.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"