Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstar og verkelegheitsforståinga til kulturar

Frå skapingssogene til dei første menneska til dagens digitale tekstmylder har tekstar påverka korleis vi forstår verda vi lever i. Korleis påverkar tekstar verkelegheitsforståinga til kulturelle fellesskapar?
Dronar med lys dannar ein kvinnefigur på himmelen. Foto.

Tekst og verkelegheit er tett knytte saman. Diskursteoriar peikar på at språkbruk aldri er nøytralt, men alltid inneber ein bestemd representasjon av verda. Tekstar er viktige berarar av slike representasjonar, og dei formar kva ulike kulturar synest er viktig og riktig, og korleis dei ser på naturen, mennesket, tida og kjærleiken.

Heilt sidan det moderne mennesket utvikla seg i Afrika for om lag 200 000 år sidan, har vi prøvd å forklare korleis verda fungerer, gjennom forteljingar. Dei fleste kulturar har skapingssoger som fortel korleis verda vart skapt, og kva plass mennesket har i verda. Desse forteljingane vart formidla både munnleg og ved hjelp av teikn og skrift.

Desse forteljingane speglar altså korleis kulturen dei kjem frå, ser på verkelegheita. Samtidig er dei med på å forme verkelegheitsoppfatningar ved at dei skaper rammer for forståing som blir forsterka når dei blir gjentekne.

Ulike kulturar – ulike skapingssoger

I nordsamiske forteljingar om skapinga er sola (Beaivi) far og jorda mor, og solsonen er den samiske stamfaren. I den norrøne mytologien slik vi kjenner han gjennom dei nedskrivne sagaene, vart verda til i rimet og dampen som oppstod då elementa is og eld møttest. Mennesket vart til ved at gudane, æsene, gav liv til to trestokkar. I Bibelen vart verda skapt av ein allmektig gud på seks dagar, og mennesket vart skapt i biletet hans og sett til å herske over verda.

Desse ulike forklaringane har skapt rammer for korleis vi har sett på verda og vår plass i ho. I dag har kanskje vitskap teke over noko av denne funksjonen, og vi har nye forteljingar om korleis verda og livet vart til, i big bang-teorien og evolusjonsteorien.

Tenk over / diskuter

Korleis trur du dei ulike skapingssogene spegla og påverka kulturane dei kom frå?

Naturen, mennesket og tida

Skapingssogene har forma verkelegheitsforståinga til ulike kulturar. Menneskets særposisjon i Bibelen som forvaltar av naturen kan ha bidrege til ei førestilling om at mennesket ikkje er ein del av naturen, men står utanfor han. Dette blir kalla eit antroposentrisk verdsbilete. Viktige tekstar hos urfolk over heile verda har derimot understreka eit økosentrisk verdsbilete. Det inneber det motsette, nemleg at mennesket er ein del av naturen. FNs berekraftsmål er ein viktig tekst i dag, og han har kanskje som mål å definere på nytt korleis vi forstår forholdet mellom oss menneske og naturen.

Korleis vi ser på tid, kan òg knytast til desse store forteljingane om skaping. I Bibelen har tida ein start og ein slutt, og historia er lineær med enden til verda som mål. I hinduistiske og buddhistiske skrifter blir tida framstilt som ein syklus som gjentek seg, på same måten som livet i naturen kjem tilbake etter ein vinter. Mennesket er òg i ein syklus av atterføding og død, sjølv om målet er å sleppe å bli fødd på nytt.

Tenk over / diskuter

Kva slags syn på forholdet mellom menneske og natur formidlar FNs berekraftsmål? Er det veldig ulikt frå ditt eige syn?

Moral og verdiar

Tekstar kan òg bidra til å stadfeste kva som er viktig og riktig i eit kulturelt fellesskap. Aleksander den store fann visstnok inspirasjon til felttoga sine i Illiaden av Homer, og han sov med boka ved sida av seg under felttoget sitt (Puchner, 2018). Illiaden er ein tekst som understrekar verdiar som mot og eventyrlyst, og han har inspirert mange oppdagingsreisande til å leggje ut frå hamn.

Mange av folkeeventyra som har vorte overleverte munnleg over generasjonar, formidla moralske bodskapar om rett og gale, og dei teikna karikerte bilete av heltar og antiheltar. Oskeladden er døme på ein helt som personifiserer verdiar som mot og idérikdom. I eventyra lurer han både trollet og kongen, som representerer makta.

Sagaene er interessante fordi dei formidlar verdiar frå det før-kristne samfunnet i Norden, der slekt (ætt) og ære stod sentralt. Sagaene beskriv hendingar frå 800-talet til det tidlege 1100-talet i Noreg og på Island, mens dei som skreiv dei ned 200 år seinare, var kristne skriftlærde på Island. Historia dei skildrar, har uansett hatt mykje å seie for sjølvforståinga til både Noreg og Island, der vikingtida blir sett på som ei stordomstid i historia.

I ressursen Nordisk kulturell identitet får du vite meir om korleis mellom anna sagaene har påverka nordisk kultur.

Ein brudgom i mørk dress kysser ei brur kledd i kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjærleiken

Kjærleik har vore eit sentralt tema i tekstar gjennom tusenvis av år. Men litteraturforskarar har peika på at den romantiske kjærleiken, slik vi ser i Hollywood-filmar, kan vere ein ganske ny måte å forstå kjærleiken på (Lilleslåtten, 2021). Vi ser spor av idéen om den reine kjærleiken i kristne skrifter som beskreiv kjærleiken som rein og usjølvisk, for å karakterisere forholdet mellom Kristus og kyrkja.

Popmusikk, tv-seriar og romanar handlar ofte om kjærleiken som tek deg med storm og endar med at karakterane lever lykkeleg i alle sine dagar. Desse tekstane skaper nokre ideal om draumeforholdet som dei fleste kanskje vil slite med å oppnå.

Eit t syn på kjærleiken har ofte dominert i slike tekstar, og det er kjærleiken mellom gut og jente eller mann og kvinne som blir framstilt. I vår tid blir dette narrativet stadig utfordra med fleire filmar, seriar og songtekstar som framstiller kjærleiken på ein meir mangfaldig måte. Den norske artisten Girl in red har treft mange lyttarar over heile verda med songar som ofte handlar om kjærleiken mellom to jenter, slik som i denne låten: Girl in red: I wanna be your girlfriend (NRK).

Tenk over / diskuter

Kva tekstar påverkar korleis vi ser på kjærleiken i dag?

Kva tekstar trur du påverkar mest korleis du ser på kjærleiken?

Kjelder

Lilleslåtten, M. (2021, 1. juni). Det moderne mennesket er ekstremt romantisk. Forskning.no. https://forskning.no/historie-kultur-middelalderen/det-moderne-mennesket-er-ekstremt-romantisk/1859460

Puchner, M. (2018, 23. april). How stories have shaped the world. BBC Culture. https://www.bbc.com/culture/article/20180423-how-stories-have-shaped-the-world

Svelstad, O. E. (2020, 3. september). Norsk artist står bak globalt kodespråk for skeive jenter. NRK. https://www.nrk.no/kultur/norsk-artist-star-bak-globalt-kodesprak-for-skeive-jenter-1.15145624

Vold, T. (2019). Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Universitetsforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2021

Læringsressursar

Medieforteljingar om "dei andre"